Fjord1 omsette for 789 millionar kroner i tredje kvartal. Dette er ein auke på 12 prosent samanlikna med same kvartal i fjor og skuldast dei nye kontraktane som starta opp 1. januar. I tredje kvartal kom EBITDA på totalt 338 millionar kroner – ein auke på 21 prosent samanlikna med same periode i fjor. EBITDA-marginen gjekk opp frå 39 til 43 prosent.

Hittil i år har inntektene auka med 13 % samanlikna med i fjor, og per tredje kvartal er inntektene på 2 292 millionar kroner.

Når MF Stangvikfjord vart levert som det siste av i alt 25 fartøy i tredje kvartal, markerte det også slutten på selskapet sitt historiske flåtefornyingsprogram som har gått over dei siste tre åra. Ved utgangen av tredje kvartal er seks samband med til saman 11 ferjer allereie elektrifisert. I same periode har Fjord1 bygd ut 32 ladeanlegg på kaiane som skal betene dei elektriske ferjene.

Fjord1 jobbar vidare med å elektrifisere resterande samband. Dette bidreg til markante reduksjonar i CO2 og NOx utslepp.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er godt tilfreds med resultatet, og med å levere trygg og ansvarleg drift under ei utfordrande tid med Covid-19 pandemien.

- Fjord1 tar vare på tryggleiken til dei tilsette, kundar og leverandørar og sikrar leveransen av samfunnskritisk transport. 2020 er eit særskilt år med oppstart av nye ferjekontraktar og fullføring av flåtefornyingsprogrammet og elektrifisering av ferjedrifta. Ved utgangen av året vil 40 % av flåten bruke elektrisitet som energiberar og dette gjer Fjord1 til ein av dei mest miljøvennlege ferjeoperatørane på verdsbasis, fortel Neteland.  

Ved nyttår 2021 startar Fjord1 opp ei ny kontrakt på sambandet Festvåg-Misten i Nordland, og selskapet jobbar no med førebuingane til denne oppstarten. Fjord1 sin totale portefølje av langtidskontraktar, gjev eit solid grunnlag for vidare vekst og utvikling.