The Fjords sitt heilelektriske passasjerskip, Future of The Fjords har vunne den prestisjetunge prisen «Årets skip 2018». Prisen vart delt ut under den internasjonale skipsfartsmessa SMM i Hamburg tysdag. Søsterskipet Vision of The Fjords vann den same prisen i 2016.

Future of The Fjords er verdas første heilelektriske karbonfiberfartøy. I tillegg er det utarbeidd og lansert ei unik «powerdock»-ladeløysing til fartøyet, noko som også låg til grunn bak vurderinga av vinnaren «Årets skip 2018».  

Administerande direktør i The Fjords, Rolf Sandvik er svært glad for utmerkinga, og takkar spesielt Fjord1 som leverer teknisk og maritime tenester til The Fjords.

- Utan kompetansen frå Fjord1 hadde ikkje dette prosjektet vore mogleg å gjennomføre. Vi er svært stolte over å motta denne anerkjenninga. Prisen betyr mykje både for oss, våre interessentar og den maritime næringa. Fartøyet er i likhet med søsterskipet designa med tanke på omsyn til miljøet, i tillegg til å gje dei reisande ei optimal reiseoppleving på fjordane i verdsarvområda til UNESCO. Vi vil takke alle som har jobba med oss ​​på dette prosjektet, og spesielt våre eigarar Fjord1 ASA og Flåm AS, fortel Sandvik.

Future of The Fjords vart levert i mai i år.