Biletet frå høgre: HR-leiar Cicilie Færestrand, tillitsvald i Negotia Daniel Nedrelid, rådgjevar i Kreftforeininga Tone Sellevold, tillitsvald og nestleiar i Norsk Sjømannsforbund Geir Offerdal.

 

Fjord1 har dei siste åra gjort det til tradisjon å dele ut julegratiale til eit veldedig føremål i desember. I år stod det mellom tre kandidatar som mottakar av midlane, og tilsette fekk stemme fram sin favoritt blant desse. Kreftforeininga fekk flest stemmer, og mottek dermed 100.000 kroner frå selskapet.

- Fjord1 ønskjer å vere ein ansvarleg og tilstadeverande samfunnsaktør, enten det er i lokalmiljøet eller på regionalt nivå. Jula er tid for glede og omtanke, og vi i Fjord1 meiner at å dele ut julegratiale er ein fin tradisjon. Vi vurderer det som meiningsfullt, nyttig og føremålsteneleg å dele ut midlar til eit veldedig føremål som kjem allmennheita til gode, fortel HR-leiar Cicilie Færestrand.

Kreftforeininga jobbar for å førebygge og bekjempe kreft, samt betre livskvaliteten for pasientar og pårørande. Distriktssjef i Kreftforeininga, Geir Vangsnes seier midlane kjem godt med.

- Vi set stor pris på gåva. Midlane vil gå til vårt arbeid med kreftforsking, kreftomsorg og til informasjon- og førebyggjande arbeid. Gåva betyr svært mykje for oss og er ei flott støtte til arbeidet til beste for kreftpasientar og pårørande. Tusen hjarteleg takk til alle tilsette i Fjord1 som gir årets julegratiale til Kreftforeininga. Saman skapar vi håp, seier Vangsnes.

Tone Sellevold tok imot gåva på vegne av Kreftforeininga onsdag.

I fjor mottok Redningsselskapet årets julegratiale frå Fjord1.