Adelheid har lang erfaring frå transportsektoren, mellom anna som lufthamnsjef ved Bergen lufthamn Flesland og administrerande direktør i Bybanen AS. Med bakgrunn som sivilingeniør og ein MBA i strategisk leiing, kombinerer ho teknisk kompetanse med solid erfaring frå både drift og kommersiell verksemd.
– Eg ser fram til å bidra til å gjere Fjord1 og historia vår enda meir kjent, og til å jobbe tett med dyktige kollegaer i heile organisasjonen, seier Nes.
Administrerande direktør Geir Bruvik Mjelde er svært tilfreds med tilsettinga:
– Adelheid har ein kompetanse og eit leiarskap som vil styrke Fjord1 framover. Eg gler meg til samarbeidet.
