Biletet over: Trass i ein ekstraordinær situasjon knytt til Korona der mange har heimekontor om dagen, hindrar ikkje dette god samhandling i Fjord1. Dei digitale møteplattformene har lenge vore ein naturleg del av kvardagen. Til venstre driftsdirektør Andrè Høyset (med diplom frå DNV GL) og energi- og miljøansvarleg Joakim Kjølleberg (på video).

Pressemelding

Som det første ferjeselskapet i Noreg er Fjord1 sertifisert i samsvar med ISO 50001: Energileiingssystem. Gjennom denne standarden sikrar selskapet eit godt og framtidsretta system for energileiing. Grunnsteinen i energileiing er kontinuerleg forbetring av energiforbruk og lågare miljøbelastning, som bidreg til miljøvennleg og lønnsam drift. Sertifiseringa er eit viktig steg med omsyn til Fjord1 sin berekraftstrategi og samfunnsansvar.

ISO 50001 energileiing er ein frivillig internasjonal standard som er utvikla av ISO (International Organization for Standardization). ISO 50001 set krav til datainnsamling, kompetanse, kommunikasjon og revisjon. Energi- og miljøansvarleg i Fjord1, Joakim Kjølleberg seier at sertifiseringa er ein milepæl for selskapet.

- Fjord1 ønskjer beste praksis og dei gode idéane for å nå lågare energiforbruk. Difor har ISO 50001-sertifiseringa vore ein målsetnad lenge. For Fjord1 blir energibruk noko vi blir tett målt på, og vi skal ha eit godt rammeverk som alle tilsette kjenner til og tek i bruk i åra som kjem. Det er difor stor stas for Fjord1 å motta denne sertifiseringa, og samtidig sjå at vi held fram som det leiande ferjeselskapet innan det grøne skiftet, seier Kjølleberg.

Commercial Director i DNV GL Business Assurance i Noreg, Siv Emanuelsen seier at Fjord1 tek eit viktig steg innan berekraftig utvikling med denne sertifiseringa.

- Vi i DNV GL er stolte av å ha sertifisert Fjord1 etter standarden for energileiing, som det første ferjeselskapet i Noreg! Med dette styrkar Fjord1 sin posisjon innan grøn skipsfart og stadfestar sin langsiktige energistrategi. Det gler oss at Fjord1 gjer desse grepa, som og vitnar om god forankring av kontinuerleg forbetring av selskapet sin energiprestasjon i heile organisasjonen og i leiinga, seier Emanuelsen.

Driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset fortel at selskapet har ambisiøse målsetnadar innan berekraft og miljø, og at dagens sertifisering vil gje positive ringverknadar i framtida. 

- Vi skal ta vare på klimaet vårt, og Fjord1 skal gjere det beste for å minimere karbonavtrykket med drift på fjordane. For å nå desse ambisjonane må vi ha dei beste verktøya for å planlegge, gjennomføre, måle og løpande forbetre energibruken og karbonavtrykket. Med denne sertifiseringa vil alle tilsette i selskapet få energi og miljø på dagsorden i det daglege arbeidet. Vi girar om med reduksjonar inntil 95 % lågare Co-2 utslepp på dei 30 el-ferjene som er i drift i løpet av året, seier Høyset.

Visste du at...

  • Dei kommande åra skal Fjord1 sette i drift 36 elektriske ferjer! Innan utgangen av 2020 er allereie 30 av desse fartøya kome i drift.  
  • Fjord1 har i 2020 planlagd å bruke straum som tilsvarar omlag 3500 einebustadar. Samtidig reduserer selskapet drivstoffbruken, og denne reduksjonen tilsvarar meir enn 15.000 personbilar!
  • Visste du at når ei ferje ladar (til dømes MF Møkstrafjord), så er dette med ein effekt tilsvarande 25 Tesla Supercharger V3. Dette er det same som å fylle 10 Tesla S-batteri på 10 minutt!