For dei som reiser med ei ferje er kiosken vindauget inn til kjerneverdiane til selskapet. 

- Det er ikkje vanskeleg få tak i berekraftige produkt, men det kostar ofte meir, det er ei utfordring. Ein må akseptere at pappkruset kostar litt meir, ta det med oss inn i kalkylane og finne kor smertegrensa går, seier cateringleiar Olav Strømstad. Han har ansvaret for all mat og drikke på ferjene til Fjord1.

- Vi må passe på at dei som jobbar i cateringen har det bra, og samstundes må det vere pengar i det vi driv med, legg han til.

Alltid svele

Det er han som passar på at alle fartøya, både store og små, har eit serveringstilbod. Fjord1 har vel 40 sjølvbetente kioskar, medan 20 av ferjene har kiosk med betening. Tilboda varierer med storleiken på båtane, frå dei små kioskane med kaffiautomat og litt sjokolade til dei største, der signaturretten er lapskaus. Dei fleste har svele på menyen – den beste svela som er å få, ifølgje Strømstad.

Då Fjord1 byrja å gå frå diesel til elektrisitet på dei nye ferjene, måtte dei gå igjennom straumbruken, også i kiosken. Dei gamle kolbetraktarane, som stod på heile tida og drog straum, vart byta ut med kaffitraktar som traktar rett i ein termos.

- Berekraft er synleg gjennom dei små tinga, og det er viktig for oss at kundane opplever at vi tek ordet på alvor, seier han.

Lokale leverandørar

Fjord1 samarbeider med verksemder i nærmiljøet til fleire ferjesamband.

- Dei produserer både svele og påsmurt, til dømes Nordjord Minibakeriet på Eid, som steiker sveler etter vår oppskrift. Det handlar om berekraft i alle ledd, noko som og betyr at det vi tilbyr er kortreist og produsert lokalt. I Hordaland har vi mange samband, og her samarbeider vi med fleire bedrifter som er tilpassa folk med arbeidsnedsetting, fortel Strømstad.

Han er trygg på at ASKO, som er den største leverandøren Fjord1 bruker, er oppteken av det same som ferjeselskapet og set strenge krav til dei rundt seg.

- ASKO har gjort ein kjempejobb, til dømes med å elektrifisere stadig fleire av trailerane sine, det heier vi på, seier den entusiastiske cateringleiaren.

Berekraft i praksis

Olav Strømstad (biletet under) starta i Fjord1 i 2018, på same tid som selskapet tok berekraft inn i måla sine for kioskdrifta. Det første dei gjekk laus på var bønnene til kaffimaskinene.

- Der vi bruker heile bønner, har vi skifta til økologisk og rettferdig kaffi. Etter kvart er fleire og fleire varer merka med Debio og Fairtrade. Mykje av sjokoladen og sukkervarene er dessutan UTZ- og/eller Rainforest alliance-sertifiserte. 

Neste skritt var å erstatte plastbestikket. Det første dei testa ut likna for mykje på plast, så no fasar dei inn trebestikk. Lagera av dei andre bestikktypane er no i ferd med å gå tomme.

- Så tok vi eit medvite val av mørkt pølsepapir, fjerna kvite serviettar og erstatta dei med brune. Både kaffikoppar, wrapspapir, tallerkenar, posar, emballasje og bestikk i kioskane kan brytast ned eller resirkulerast. Både kaffikoppar og bestikk er PEFC-godkjent. 

Men så var det denne ferdakoppen han var så nøgd med - resirkulerbar og fin. Så kom den med det nye, raude merket som dei er pålagt; «inneheld plast».

- Det var vondt for meg. Men om det ikkje er plastfilm i den inste laget, vil kaffien renne ut, og det er heller ikkje særleg berekraftig, humrar han. Koppane skal likevel resirkulerast som papir, understrekar han.

Bestikk og boss til bry

Salsleiar Siv Rendedal Vågen har arbeidd mange år i cateringen på Boknafjorden, og er framleis kring halve tida i jobb på forskjellige ferjer. Det gir både variasjon og innsikt i kva som fungerer og ikkje.

- For oss som jobbar om bord, er vel det einaste negative med dei nye produkta at maisplasten i takeaway-begera ikkje er så gjennomsiktig lenger. Men stort sett er erfaringa at produkta blir betre og betre etter kvart som dei blir utvikla, seier ho.

- Vi har fått mange positive tilbakemeldingar rundt kvalitet på dei nye produkta vi har innført. Ein del var irriterte på det første trebestikket vi brukte. Det var heilt uråd å skjære komper med dei knivane, ler ho. Bestikket dei bruker no er blitt betre.

Kjeldesortering er neste skritt på veg mot ei meir berekraftig drift, men først må eit mottaksapparat på land på plass.

- Nye båtar kjem gjerne med fiks ferdig sorteringssystem for papir og plast, men vi må vite at vi kan sortere vidare i systemet, seier Strømstad.

Så spørst det om dei reisande vert flinke til å kjeldesortere når dei nye løysinga kjem på plass. Vågen har vore om bord på nyare ferjer i Hordaland, der det er tre avfallsdunkar; papp, matavfall og restavfall.

- Dei fleste kundane er flinke på kjeldesortering. Der er derfor vår oppgåve å leggje til rette for, og motivere for dette.

Frå storkjøken til ferjemat

Strømstad er utdanna kokk, difor sit kvaliteten på maten i ryggmargen. Men det same gjer klima og miljø. I tre år dreiv han og kona rorbuutleige på Fedje, han har jobba for BAMA, Toro og Friele, så kaffi kan han.

- Det er dei same folka eg har kontakt med no som då eg dreiv storkjøken, fortel den tidlegare kokken, som er glad for å gjere ein viktig jobb for så mange. Det hender at han tenkjer tilbake på dei gode og hektiske dagane på restaurantkjøkena.

- Men så kjenner eg på ryggen, og lengtar ikkje tilbake, eg er veldig stolt av det vi held på med i Fjord1, slår han fast.