Fjord1 er oppteken av å ta godt vare på absolutt alle som arbeider i verksemda, frå lærlingar til seniorar. 

- Jobben min er å ta omsyn til alle menneskelege ressursar i Fjord1, seier Øyvind Østrem, leiaren for Human Resourses (biletet under). For han er berekraft å forvalte ein ressurs slik at den ikkje går tom, og å ta vare på og fornye denne ressursen. 

Den tidlegare læraren og rektoren er florøværing og har sjølv vore avhengig av båt til og frå jobb som rektor på øyane utanfor Florø. I august 2021 byrja han som HR-leiar på hovudkontoret til Fjord1 i heimbyen. 

- Eg har lang fartstid i offentleg sektor, primært som skuleleiar. Frå 2013 jobba eg for Høgskulen på Vestlandet, som studieleiar for vår ingeniørutdanning i Florø der rekruttering av studentar har vore ein vesentleg del. Dei siste par åra har eg vore knytt til Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling i Bergen, fortel pedagogen, som ikkje ser bort frå at bakgrunnen hans kjem til nytte både i arbeidet med rekruttering og personalbehandling i ferjeselskapet. 

Livsløpet 

For Fjord1 er det å stadig få påfyll av nye medarbeidarar viktig. Rekrutteringa startar eigentleg langt nede i skulealder. 

- Vi fortel elevane kva som er fint med å jobbe i maritime næringar. Vi marknadsfører næringa totalt sett og ferjenæringa spesielt. Dette vert enda viktigare på ungdom- og  vidaregåande skule, då kan vi tilby elevane praksisplassar og etter kvart lærlingplassar. Vi har lærlingplassar innan motormannfag og matrosfag, forklarer Østrem.

- Mange av våre lærlingar ønskjer å ta vidareutdanning for å kunne kvalifisere seg til framtidig karriere som styrmann/skipsførar eller bli maskinist. Desse vil trenge kadett-tid for å løyse ut sertifikat som styrmann/skipsførar eller maskinist. Vi tilbyr desse kadettplassane.   

- Det er også berekraftig å sette inn tiltak som gjere til at medarbeidarane våre ynskjer å bli hos oss, til dømes ved å synleggjere moglege karrierevegar i selskapet. Då er det å ha gode system for kompetanseheving og personleg utvikling viktig. Generelt handlar det om å skape ein mest mogleg attraktiv arbeidsplass. Det er også viktig at seniorane har det bra på jobb i Fjord1, slik at dei kan stå lengst mogleg i arbeid.  

Jobbnærværet 

- Det aller viktigaste er arbeidsmiljøet, og alle kan vere med på å påverke det i rett lei, understrekar HR-leiaren.

- Det handlar om å gje alle tilsette reell påverknad, t.d. gjennom medarbeidarsamtalar og medarbeidarundersøkingar. For oss er det viktig å strukturere funna som vert gjort, og sette i verk tiltak for å rette på det som vert peika på. 

Som tilsett skal ein forvente at næraste leiar følgjer tett opp når ein er sjukmeld, med felles mål om god attføring tilbake i jobb, til rett tid.  

- Berekraft handlar om å ta vare på folk også i vanskelege og tunge periodar, forklarar Østrem.  

- Vi skal vere gode på oppfølging av sjukemelde, halde tett dialog med dei heile vegen og legge til rette for delvis og tilpassa arbeid om det er mogeleg. Det er lite berekraftig både for organisasjonen og dei tilsette om dei må heilt ut i lange periodar, då minskar sjansen for at dei kjem tilbake. 

Kamp om arbeidskrafta 

Fjord1 bruker mange pensjonistar, noko som er ein viktig ressurs for selskapet. Tidlegare faste tilsette går ekstravakter når det er behov for det. Det er til tider utfordrande å rekruttere nok mannskap. Mange bransjar slit med å finne medarbeidarar, særleg no etter koronaen har konkurransen vorte knallhard. 

Det er nettopp mangel på menneskelege ressursar som kan bli det største hinderet for at bedrifta skal kunne vekse, og det uroar HR-leiaren.  

- Vi ser at kampen om medarbeidarar har hardna til. Mange yrke treng flinke medarbeidarar, og i ein situasjon der utanlandsk arbeidskraft er nærast fråverande, blir konkurransen tøffare.  

Klimagenerasjonen 

Øyvind brenn for eit desentralisert næringsliv, og er stolt av å jobbe i prototypen på ei bedrift som arbeider for at det skal vere «lys i husa». 

- Ferjeselskapa og andre som driv med infrastruktur er viktige brikker for busetnaden og aktiviteten i distrikta, påpeikar han.

- Det er berekraft i å oppretthalde distrikts-Noreg. Då må det vere tilbod om arbeidsplassar generelt, og til kvinner spesielt. 

- Vi kan ikkje ha det slik at alle kvinnene flyttar til byane. Mange arbeidsplassar i utkanten er mannsdominerte, og det vil Fjord1 bøte på. Fleire kvinner på ferjene er også viktig for arbeidsmiljøet, legg han til. 

- Vi må gjere det vi kan for å bremse sentraliseringa og oppretthalde ein desentralisert busetnad, ikkje minst fordi verdiskapinga skjer ute i distrikta. Her spelar maritim næring ei sentral rolle då den er svært framtidsretta. Mykje av veksten i åra som kjem vil skje i havrommet.   

Generasjonane som kjem no har eit meir medvite forhold til berekraft, har han registrert. Fjord1 har vore veldig medvitne det grøne skiftet, og er verdsleiande på å utvikle utsleppsfrie ferjer. Østrem ser at det appellerer til ungdomen at bedrifta tek klima på alvor. 

- Ungdomen er jamt over veldig reflekterte, og ser ikkje berre på løna når dei vel yrke. Det å jobbe innan ei grøn næring framhevar mange som viktig, men også andre moment er viktige. Når vi snakkar med dei unge legg vi vekt på fordelane ved å jobbe i ferjenæringa, som t.d. at vi har familievenlege turnusar. Det går an å ha eit normalt familieliv med jobb hos oss.  

- Med små ungar heime er turnusane vår absolutt til å leve med, avsluttar Østrem.