RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Nasjonal opplæringspris til Fjord1

Nasjonal opplæringspris til Fjord1

Næringsminister Monica Mæland delte onsdag 8. februar ut prisen som årets maritime lærebedrift 2016 til Fjord1.

Utdelinga fann stad under Haugesundkonferansen. Det er Stiftelsen Norsk Maritim Kompetanse (SNMK) som står bak prisen. HR-leiar Cicilie Færestrand tok imot prisen på vegne av Fjord1.

– Vi er stolte over å få denne prisen. For oss er det ei viktig verdsetjing av arbeidet vi gjer med opplæringsstillingar, som ledd i framtidig rekrutteringsstrategi, seier Færestrand.

Prisutdelaran legg til grunn at Fjord1 tar eit omfattande ansvar for å ta inn lærlingar og kadettar. I grunngjevinga si peikar dei på at Fjord1 tar inn godt over det behov reiarlaget sjølve har for påfyll av offiserar og matrosar. Juryen meiner Fjord1 viser bredde og langsiktigheit i arbeidet med kompetanse.

«Rederiet er også opptatt av å ta inn kandidater med ulik bakgrunn. I 2016 hadde Fjord1 lærlinger innen matros- og motormannfaget. De henter kadetter både fra fagskole og høgskole. Antallet jenter i opplæringsstilling i 2016 var 14, hvorav halvparten lærlinger og halvparten kadetter. I tillegg til lærlinger og kadetter tar Fjord1 imot elever fra videregående skoler på utplassering i inntil fire uker per elev», er noko av det juryen skriv.

– Opplæring av framtidas maritime personell er noko som Fjord1 prioriterer sterkt. Vi har eit langsiktig perspektiv på denne satsinga. Samarbeidet vårt med opplæringskontora er godt. Vi ønskjer å vere ein viktig nasjonal ressurs innan opplæring av lærlingar og kadettar, seier Færestrand. 

I løpet av 2016 var det totalt 84 personar som hadde lærekontrakt deler eller heile året. I tillegg hadde Fjord1 inne 40 kadettar som treng fartstid for å kunne utløyse nødvendige sertifikat, noko som totalt betyr 124 personar i opplæringsstillingar i løpet av 2016.

– I snitt har selskapet 60 lærlingar innan matros- og motormannfaget inne til ei kvar tid, fortel Frode Kjelkenes, HR-rådgjevar i Fjord1.

Foto: Steinar Haugberg, Sjøfartsdirektoratet

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev