Ferjene strålte om kapp med sola, og dei mange publikummarane som møtte opp på kaia, vart vitne til to flotte seremoniar ved Åndalsnes cruisekai.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland ønska tilsette, gjestar og publikum velkommen. Først ut var MF Eresfjord, som til dagleg trafikkerer B-ruta mellom Sølsnes-Åfarnes.

På podiet stod gudmor Toril Hovdenak (til dagleg fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal), skipsførar frå MF Eresfjord Fredrik Malones, styreleiar Neil Marvell, representant frå Tersan Shipyard Sakir Erdogan, og administrerande direktør Dagfinn Neteland (biletet under).

Stolt mannskap frå MF Eresfjord saman med gudmor og administrerande direktør.

MF Rødvenfjord

Berre få minutt etter var det klart for seremoni for søsterferja MF Rødvenfjord. Gudmor for MF Rødvenfjord er ordførar i Rauma, Yvonne Wold.

Biletet under f.v.: gudmor Yvonne Wold, adm.direktør Dagfinn Neteland og gudmor Toril Hovdenak. 

På podiet under seremonien for MF Rødvenfjord stod gudmor Yvonne Wold, skipsførar Henrik Svensli, styreleiar Neil Marvell, administrerande direktør Dagfinn Neteland, og representant frå Tersan Shipyard, Engin Oktay.

Neteland fekk fram applaus hos publikummarane i talen sin:

I dag går nesten 90 prosent av alle våre fartøy på lav- eller nullutslepp! Det vil seie at vi ladar om lag 1200 gongar i døgnet. Det er ingen tvil om at det har vore ei revolusjonerande utvikling med omsyn til ny teknologi og miljø!

Det offisielle flaggskiftet.

Stolt mannskap frå MF Rødvenfjord saman med gudmor og adm.direktør. 

MF Rødvenfjord var open for kaffi, kaker og sveler i salongen etter seremonien.

Begge fartøya er designa av Multi Maritime AS, og er bygd som plug-in hybrid med lading frå land.