Problem med borerigg

Ferjekaiprosjektet i fylkeskommunen skal utføre naudsynt forsterkingsarbeid samt forlenging av tilleggskaia på Kvanne. I delar av dette arbeidet skal det nyttast ein borerigg. Fylkeskommunen meldte i november at endringane ville vare fram til 12. desember. Men på grunn av tekniske utfordringar med boreriggen, har det ikkje vert mogleg starte denne delen av byggearbeidet før no. Byggeaktiviteten vil derfor påverke ferjesambanda fram til rundt 20. desember. Det var naudsynt å oppretthalde dei allereie meldte endringane i rutetabellane og fartøy for å kunne rette feila.

Ny rutetabell

FRAM og fylkeskommunen fekk tilbakemeldingar på at det vart vanskeleg for mellom andre pendlarar som reiser Kvanne–Rykkjem med den rutetabellen som var sett opp frå 29. november. Derfor er det utarbeida ein ny rutetabell i samarbeid med ferjekaiprosjektet og Fjord1. Den nye rutetabellen har omtrent same opningstid som den førre, men med fleire avgangar kvar dag. Denne rutetabellen vil gjelde frå og med 7. desember og truleg ut byggeperioden i april neste år. Frå 20. desember vil det igjen gå større ferje i sambandet Kvanne–Rykkjem.

Oppdaterte rutetabellar finn du i FRAM-appen eller i reiseplanleggaren her på nettsidene til FRAM.

Rutetabellen for Arasvika–Hennset vil vere den same som vart meldt i november. Den vil gjelde fram til 20. desember. Deretter vil det bli normal drift i dette sambandet.

Trafikkvakt

Det er også sett inn trafikkvakt på Rykkjem ferjekai for at det skal gå smidigare med oppstilling og trafikk i sambandet.

Både FRAM og ferjekaiprosjektet oppfordrar framleis vogntog til å velje alternative vegar fram til det blir sett inn større ferje igjen på Kvanne–Rykkjem.

Endringar for buss

Den nye rutetabellen gjer at det blir nokre endringar for busslinje 902 FRAM Ekspress Surnadal–Molde. Desse endringane vil gjelde så lenge rutetabellen for Kvanne–Rykkjem er gjeldande:

• Avgangen frå Surnadal kl. 22.10 blir innstilt.

• Avgangen frå Molde kl. 21.00 blir utsett til kl. 21.10. Endestopp for denne avgangen blir på Sunndalsøra. Avgangen frå Sunndalsøra kl. 22.35 blir innstilt.