Fjord1 har etter oppdragsgjevar si vurdering gitt det tilbodet med best forhold mellom pris og kvalitet. Kontraktsperioden er frå 1.1.2025 – 31.12.2028, med opsjon på forlenging med to år til 31.12.2030.  

- Det er veldig kjekt at vi har vunne fram med ny kontrakt i Trøndelag, dette er med å forsterke posisjonen vår i regionen. Kontrakten blir eit flott supplement til Brekstad – Valset og vi aukar såleis aktiviteten med 50 % i Trøndelag, seier driftsdirektør Andrè Høyset (biletet over).

Levanger-Hokstad er eit ferjesamband i Levanger kommune, som går over indre Trondheimsfjorden. Ferjeforbindinga er ein del av fylkesveg 774 og forbinder Hokstad ferjekai på Ytterøy saman med fastlandet.

Strekninga på sambandet er 9,1 km, og har ei overfartstid på 35 minutt. 

Tildelinga vert endeleg etter at karensperioden utløper og kontrakten signert i slutten av januar.