Foto av Joachim Forberg Sæbø.

  

Mandag ettermiddag vart nybygget frå Tersan Shipyard i Tyrkia overlevert til Fjord1, som MF Sunnylvsfjord. Ferja er ein 80PBE/6VTE, og er designa av HavDesign. 

Ferja skal inn i sambandet Stranda - Liabygda, Indre Sunnmøre.

Leiar for nybygg, Arild Austrheim gratulerer og rosar involverte for arbeidet som er lagt ned:  

Vi takkar alle involverte for super innsats og tolmod både med verft, leverandørar og press frå oss andre med ynskje om snarleg ferdigstilling. Så blir det ikkje veldig mykje kvile før vi tar siste innspurt på Norddalsfjord. Gratulerer og takk til alle!

Biletet over: Prosjektleiar Asbjørn Røyrvik har fulgt prosjektet tett i Tyrkia. No ventar snart ei kort heimreise før han skal ned att til Tyrkia for levering av neste ferje som er Norddalsfjord.

 

No startar klargjering og siste finpuss av Sunnylvsfjord før seglasen tilbake til Noreg startar. Tida på seglasen nordover er vêravhengig, men i beste fall kan vi sjå MF Sunnylvsfjord i Noreg om tre-fire veker frå i dag.