RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Servering om bord

Servering om bord

Et ombord - eller ta med. Vi har ein innhaldsrik kafèmeny, også med glutenfrie alternativ. 

Rykande fersk kaffi får kroppen til å vakne, og eit freistande utval av varme og kalde rettar gjev ny energi til å ta fatt på resten av reisa.

Smaken av fjorden

Og kven klarer å motstå den søte, herlege smaken av nysteikt svele? Ein bit. Medan fjella smyg seg forbi vindauget og tankane lever sitt eige liv. Ein bit til. Medan ferja glir gjennom vatnet og fraktar deg trygt til neste hamn. Det er dette som er smaken av fjorden. Det er dette som er den gode pausen.

Et her – eller ta med

Vårt mattilbod er utforma slik at det er like lett å nyte maten i salongen som å ta han med seg i bilen. På alle dei store ferjesambanda har vi ein innhaldsrik kafemeny med varme og kalde rettar, husmannskost, påsmurde bagettar og kioskvarer. På dei mindre sambanda med bemanna kioskar finn du eit freistande tilbod av enklare mat og drikke. Reiser du om natta, finn du automatar om bord som har eit rikt utval av kaffi, brus og snacks. 

Oversyn over serveringstilbodet på dei ulike sambanda finn du inne på rutesidene til kvart enkelt ferjesamband. Sjå etter ikona for kafe, kiosk eller automat.

Glutenfrie alternativ

På alle ferjesamband med bemanna kioskar kan du velje eit glutenfritt alternativ.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål