Turistruter

RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Turistruter

Turistruter

Verdskjende turistmål og perler utanfor allfarveg. Her er fleire turar for deg som vil oppleve Norge på sitt flottaste.

Fjordane på Vestlandet er som skapte for oppdagingsreiser. Sjølvsagt skal du ha med deg dei verdskjende attraksjonane som folk reiser halve jorda rundt for å oppleve – og utanom dei mest populære turistrutene ventar tallause, urørte perler.

Kart

Opplev Geirangerfjorden og resten av Møre og Romsdal

Frå den storslåtte fjord- og fjellverda ved Geirangerfjorden (på Unescos verdsarvliste), Norddalsfjorden, Ørnevegen, Trollstigen, Hjørundfjorden og Trollheimen er det berre nokre timars reise ut til «postkort» som Veidholmen, Atlanterhavsvegen, Bud og Ona. Dei tre største byane i fylket – Kristiansund, Molde og Ålesund – har kvar sine særpreg og er også gode utgangspunkt for dagsutflukter og lengre turar til fjordar, fjell og det opne havet.

Opplev Nærøyfjorden og resten av Sogn og Fjordane

Dramatiske Nærøyfjorden står på Unesco si verdsarvliste og er den trongaste fjorden i verda, berre 250 meter på det smalaste. Stupbratte fjell, mektige, buldrande fossar og små garder som klamrar seg til lia er ramma for båtturen mellom Flåm og Gudvangen, medan nostalgien i fjorden smyg seg opp frå djupet.

Opplev Lysefjorden og resten av Rogaland

Ein av dei mest kjende fjordane i Stavangerregionen er Lysefjorden. Den er 42 km lang med opp til 1000 meter høge fjellsider som stuper loddrett ned i fjorden. Med natur og turist attraksjonar som Preikestolen og Kjærag bolten mfl.  er Lysefjorden ei oppleving du berre må få med deg.

Fjord1 si turist ferje tek deg med på ei fantastisk reise der høgdepunkta ligg tett.

Kjøp billett på turistrutene

Fjord1 og Flåm AS har slått saman den fjordbaserte turist aktiviteten i selskapet The Fjords.

Billettar til Flåm - Gudvangen (til 31. mars) kan du kjøpe ved å nytte linken til høgre på sida.

Billettar for sommarsesongen (frå 1. april, på turistrutene) kan du kjøpe her: Link 

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Turist-appTurist-app

App Store
Google Play

ny app

ios-og-android

Rabatt med Fjord Pass®

Les meir

Rundturar og tilbod

Les meir

Billettar til Fjord1-turistruter

Kjøp billett