RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon

Fjord1-sponsorat

Fjord1-sponsorat

Stønad til ideelle tiltak i områda vi dekker.

Neste søknadsfrist: 1. april 2018.

Fjord1 er det største ferjeselskapet i Norge, med aktivitet frå Rogaland i sør til Finnmark i nord. Med sponsormidlane ønskjer Fjord1 å fremje mangfald, trivsel og naudsynte behov innanfor idrett og kultur i dei distrikta vi opererer i.

Alle som søkjer om sponsorstøtte, må nytte seg av det elektroniske søknadsskjemaet. Der kan ein leggje inn relevant informasjon og eventuelt laste opp vedlegg. Vi behandlar berre søknadar som er sendt inn via dette skjemaet.  

Greitt å vite før ein fyller ut søknadsskjemaet:

  • Ein kan berre søkje om stønad til ideelle / ikkje-kommersielt drifta tiltak.
  • Fjord1 har valt å støtte lag og organisasjonar i deira langsiktige arbeid. Dette inneber at vi ikkje støttar enkeltutøvarar.
  • Ein kan søkje støtte innan tre kategoriar: 1) idrett  2) kultur eller 3) anna.
  • Vi tildeler pengebeløp og ønskjer ikkje støtteannonse.
  • Vi støttar både små, mellomstore og store aktørar.
  • Som sponsor ønskjer Fjord1 å vere synleg i dei tiltaka vi støttar. Vi vil difor stille krav om motyting i form av logo på t.d. websider og i annonsar. Dette må søkjarar kome med forslag til i søknaden.

To årlege søknadsfristar: 1. april og 1. oktober. 

Søknadene skal vere ferdigbehandla ein månad etter søknadsfrist. Svar på søknaden vert sendt til e-postadressa ein oppgir i søknaden.

Lag og organisasjonar på minimum eit regionalt nivå i Rogaland, Hordaland og Trøndelagsfylka vert spesielt oppmoda til å søkje.

*
*
*
*
*
*
*
Sending form ...

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål