RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Havyard Ship Technology byggjer tre el-ferjer for Fjord1

Havyard Ship Technology byggjer tre el-ferjer for Fjord1

Sogn og Fjordane styrker posisjonen som eit nasjonalt maritimt tyngdepunkt når Fjord1 bestiller tre elektriske ferjer med design frå Sunnfjord og bygging på verft ved Sognefjorden.

Når Noregs største ferjereiarlag med hovudsete i Florø bestiller tre nye elektriske ferjer, treng dei ikkje reise langt for å finne leiande aktørar innan sine felt. Ferjene har design frå Multi Maritime i Førde og blir bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik i Hyllestad kommune.

Arbeidet med ferjene startar umiddelbart, og den første ferja skal leverast i midten av mai 2018. Dei to siste skal vere klare mot slutten av 2018. Skrogbygginga blir sett vekk, og det første skroget vil vere klart for utrustning i Leirvik mot slutten av 2017. Kontrakten har ein total verdi på rett under ein halv milliard kroner.

– Det er svært gledeleg at Fjord1 har valt Havyard Ship Technology til dette oppdraget. Kontrakten viser at vi er konkurransedyktige i særs sterk konkurranse med både norske og utanlandske verft. Vi håper og trur at dette berre er starten på eit langt og godt forhold til Fjord1, seier salsdirektør ved Havyard Ship Technology, Lars Conradi Andersen.

Omstilling

For Havyard er kontraktene viktige, og viser at grepa som er gjort for å omstille verftet ber frukter. Dei siste åra har verftet gått inn i ei rekke nye segment som fisk, fornybar energi og no transport.

– For oss betyr desse kontraktene mykje då det sikrar god sysselsetting i 2018. Vår dyktige arbeidsstokk har vist stor evne til omstilling, og det er ekstra gledeleg å kunne sleppe denne nyheita rett før jul. Marknaden er i betring, og vi håper å kunne sleppe fleire positive nyheiter i tida framover, sier Conradi Andersen.

Salsdirektør ved Havyard Ship Technology, Lars Conradi Andersen, og Arild Austrheim, maritim teknisk direktør i Fjord1 signerer kontrakt om tre el-ferjer. Fjord1 er særs godt nøgde med å inngå eit samarbeid med eit norsk verft som er konkurransedyktige på innovasjon, kvalitet og pris.

Grønt i Fjord1

Fjord1 held fram med å setje standarden i det grøne skiftet i ferjenæringa. Fram til 2020 skal Fjord1 setje i gang drift i ni samband der miljøvenleg teknologi er viktig. To av ferjene som skal byggjast ved Havyard Ship Technology skal inn på Brekstad-Valset, der Fjord1 tar over som operatør i 2019, medan ei ferje skal gå mellom Husavik og Sandvikvåg i Hordaland.

– Vi er særs godt nøgde med å inngå eit samarbeid med eit norsk verft som er konkurransedyktige på innovasjon, kvalitet og pris. Det er spesielt hyggjeleg at verftet har tilhald i Sogn og Fjordane. Kontrakten viser at vi vil vere fleire aktørar i fylket som speler ei verdsleiande rolle i det grøne skiftet i maritim næring, seier André Høyset, konstituert administrerande direktør i Fjord1.

Leiande posisjon

Ferjene er designa og utvikla av Multi Maritime som har levert nær 120 eigne skipsdesign derav over 60 bil- og passasjerferjer. Dei nye ferjene blir nummer 17, 18 og 19 i rekka av MM-design til Fjord1. Administrerande direktør i Multi Maritime, Gjermund Johannessen, er glad for å fortsette å jobbe saman med Fjord1, og ser fram til å starte samarbeidet med Havyard.

– Vi set stor pris på at Fjord1 har valt våre nyutvikla og leiande tekniske løysingar for dei tre miljøvenlege ferjene som no skal byggjast. Med kontrakten på dei tre nybygga stadfestar vi vår posisjon som den desiderte leiar av miljøvennlege og energieffektive ferjedesign. Fleire års satsing på miljøteknologi har resultert i at vi no har meir enn ti heilelektriske og ladbare hybridferjer under bygging på fleire ulike verft. Det gjer oss ekstra stolte av vårt heimfylke når vi denne gongen kan samarbeide med både reiarlag og verft frå Sogn og Fjordane, seier Johannessen.

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Nyhetsbrev