CALL 177
For general information

Storbrukarkort

Storbrukarkort

Bedrifter kan etter søknad få tildelt storbrukarkort for etterfakturering. Storbrukarkortet gir 40 % rabatt på køyretøybillett og 17 % på personbillett.

Bedrifter kan etter søknad få tildelt storbrukarkort for etterfakturering. Storbrukarkortet gir 40 % rabatt på køyretøybillett og 17 % på personbillett.

Det blir sendt faktura til kundane for bruk av storbrukarkort føregåande månad.  Ein kunde kan ha fleire storbrukarkort knytt til sine køyrety. Faktura blir sendt ut ein gong per månad og kan splittast fleksibelt, t.d. i grupper av kort.

Bruk av storbrukarkort er ei effektiv og praktisk ordning både for kunden og for Fjord1. For kunden er det ikkje minst viktig at meirverdiavgift blir spesifisert på oversiktleg vis.

 

For å få storbrukarkort må de sende mail til kortservice@fjord1.no med følgande opplysningar.

Namn på bestiller, Firmanamn, Firmaadresse, Postnummer, Land, Kundenummer for eksisterande kundar, Tlf., E-post, Org.nr.

Tal kort som ønskes.

Referanse pr. kort - valfritt(Fakturaene har oppsummert bruken pr. kort, denne referansen vil vise ved sidan av serienummeret på kortet. F.eks. registrerings nr. på køyretøy. Maks 15 teikn pr. kort)

 

Referanse på faktura(Denne referansen vil gjelde alle kort i bestillinga og vise i referansefelt på faktura. T.d. avdelings nr. Maks 15 teikn)

 

Nye kundar må informere om stipulert forbruk for to månader.

 

 

Fjord1 AS vil i samband med handsaming av søknaden utføre ei kredittvurdering. Søknaden må innehalde stipulert forbruk for to månader. Dette beløpet må innbetalast til konto nr. 6550.06.06066 før storbrukarkortet blir sendt ut.

 

Detaljar om storbrukarkortet:

  • 40 % rabatt på køyretøybillett og 17 % på personbillett.
  • Ein kan få eigne referansar på kvart kortnummer, for eksempel bilnummer eller sjåfør.
  • Forbruk per månad blir kravd inn etter spesifisert faktura med delsummar per kortnummer.
  • Korta kan brukast på alle samband der det er elektronisk billettering (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland og Møre og Romsdal). Sjå www.ferjekort.no for utfyllande informasjon.
  • Om de mister eit kort, kan de melde kortet sperra. Ta derfor vare på kortnummeret, då det blir brukt som identifikasjon.
  • I samsvar med riksregulativet er det ikkje lov å selje ferjefrakter på kreditt.  Vi er derfor pålagt å krevje inn ei forskotsbetaling på om lag to månaders forbruk. Om forbruket endrar seg frå det oppgitte forbruket på søknadsskjemaet, vil det bli kravd inn meir eller eventuelt tilbakebetalt depositum.
  • Korta kostar 100 kr per stk. Dette vil bli refundert når korta vert levert attende.
  • Ved gjentatt purringar på ubetalte fakturaer vert storbrukarkorta sperra.

smsReceive traffic messages on SMS

Click to register (Norwegian only)

Questions and answers

Frequently Asked Questions