Biletet f.v.: Operativ leiar i Region 2 Sigrunn Hellebust, leiar for Servicesenteret Heidi Skorpen og IKT-leiar Børge Nordal.

 

Onsdag 9.oktober går Fjord1 over til digital bestilling av bilplass i Florabassenget. Dette betyr at ein kan reservere bilplass via nettsidene våre, fjord1.no. Med denne løysinga får våre reisande fleire nye fordelar:

  • Oversikt: Du får raskt oversikt over kor mange bilplassar som er tilgjengeleg på den aktuelle turen, og du vil lett kunne sette deg opp på ei eventuell venteliste om det er fullt (og samtidig sjå kor du er på ventelista).
  • Stadfesting på SMS og e-post: Du mottek ei stadfesting på bestillinga direkte på mobil og e-post. Står du på venteliste, mottek du ei melding om det vert ledig plass, og du blir automatisk sett inn på avgangen.
  • Enkelt å avbestille: Det vert enklare å avbestille reservasjonen, ved å klikke inn på tilsendt lenke som ein får ved reservasjon. (NB: Frist for avbestilling er seks timar før avgang).

Leiar for Servicesenteret i Fjord1, Heidi Skorpen håpar dei reisande i Florabassenget vil nytte seg av den digitale bestillingsløysinga.

- Dette er eit etterlengta framsteg, og vi er svært glade for å tilby denne løysinga! No håpar vi at våre reisande ønskjer dette velkommen ved å dra nytte av moglegheitene som vert tilgjengelege. Løysinga er utarbeidd gjennom eit tverrfagleg samarbeid, kor vi mellom anna har henta innspel frå øybuar Anders Espeset. Vi føler oss trygg på at løysinga skal vere tilfredsstillande, seier Skorpen.

Ein kan framleis reservere bilplass som tidlegare ved å ringe til Fjord1 Servicesenter på telefon 57757000.