Administrerande direktør Dagfinn Neteland er strålande fornøgd med å vinne ei så viktig kontrakt, som set selskapet i førarsetet i utviklinga av autonome ferjer:

- Gratulerer til alle som har bidrege inn i arbeidsarbeidet her! Fantastisk jobba, eg er mektig imponert! 

Også prosjektleiar for anbodet, regionleiar Tor Kristoffersen jublar:

- Fjord1 er sjølvsagt strålande fornøgd med å få tildelt ei så viktig kontrakt, både fordi det naturleg er eit Fjord1 samband, men og fordi vi skal få vere med å utvikle ny teknologi til heilautonome ferjer! Det er lagt ned ein betydeleg innsats frå mange i arbeidet med å oppnå dette, så det er berre å gratulere alle som har bidrege. Vi gler oss til å gå laus på denne utfordringa.

Les pressemeldinga frå Statens vegvesen her!