DIF Capital Partners og EDF Invest har etablert eit strategisk partnarskap gjennom eit konsortium, «Effra BidCo AS», og har kjøpt Fjord1 frå Havila Holding og Vision Ridge Partner, som begge har hatt 50 prosent eigarskap sidan 2021.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland seier at han har eit godt inntrykk av dei nye eigarane og ser fram til å utvikle selskapet vidare i åra som kjem:  

Leiinga er tilfreds med at salsprosessen er gjennomført, og ser fram til å utvikle Fjord1 vidare saman med dei nye eigarane. Det har vore ein lang og grundig prosess, kor vi har opplevd stor interesse for selskapet frå ein rekke partar. Vi gler oss til å bli kjent med dei nye eigarane framover, og forventar at vi saman kan bygge vidare på den sterke posisjonen som Fjord1 har i marknaden for å lage eit enda sterkare selskap i åra som kjem.

Aksjane i Fjords Tours, The Fjords og Widerøe er ikkje med i salet.

Styreleiar i Fjord1, Vegard Sævik er sikker på dei nye eigarane vil utvikle selskapet i positiv retning der verdsleiande teknologiutvikling og god drift vil vere prioritet:

- Etter å ha vore ein del av Fjord1 i ei tid kor den teknologiske utviklinga har vore nær revolusjonerande, er vi glade for å ha funne nye eigarar som kan vere med å utvikle selskapet vidare. Den siste anbodsigeren der Fjord1 skal levere autonome operasjonar er eit bevis på kompetansen i selskapet. Eg er ikkje i tvil om at Fjord1 vil halde fram med å vere verdsleiande på teknologiutvikling og god drift. Vi gjekk inn i Fjord1 med ein klar plan om å vere svært langsiktige eigarar. Ein del av det er også å vere ansvarlege eigarar, og det ansvaret har vi no tatt ved å velje og selje.

Sævik forklarer avgjerda med at kapitalkostnad framover vil vere ein viktig konkurransefaktor.

- Der har vi som norske eigarar eit handikap. Vi ønsker å bli verande i Noreg, og skal vi halde fram med å vere her, så kunne vi for Fjord1 si skuld ikkje tvihalde på eigarskapen. Den rette løysinga vart heller å sørge for nye eigarar som har tilgang på billegare kapital enn det vi har, og som dermed kan sikre Fjord1 sin konkurransekraft framover. Vi er stolte over det vi har fått vere med på å bygge både i Fjord1 og langs kysten. Difor er det også med vemod at vi sel, men vi er sikre på at det er den beste løysinga for vidare utvikling av Fjord1.   

Prosess venta sluttført i 2024

Drifta av ferjene er knytt til kontraktar med staten og vil difor ikkje bli påverka av nye eigarar.

Handelen skal godkjennast av “The European Commision for the European Union Merger Regulation notification threshold”. Det er forventa at dette vil skje tidleg i 2024. Partane er einige om å ikkje oppgje salspris.

Rothschild & Co var rådgjevarar for Havila Holding og Vision Ridge Partners i salsprosessen, medan Cantor Fitzgerald og Deutsche Bank var rådgivarar for DIF og EDF.

Les heile pressemeldinga her; 

 

Les felles pressemelding frå alle partane her (engelsk);