Ruter i nord og vest (Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy- Rognaldsvåg-Kinn)

Bilbestilling

For bilbestilling som gjeld etter 30.april 2024, kontakt Norled pr. telefon: 94 83 86 99 mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Elektronisk bestilling av bilplass i Florabassenget. Dette gir våre reisande fleire fordelar:

• Oversikt: Du får raskt oversikt over kor mange bilplassar som er tilgjengeleg på den aktuelle ruta, og du vil lett kunne sette deg opp på ei eventuell venteliste om det er fullt (og samtidig sjå kor du er på ventelista).
• Stadfesting på SMS/Epost: Du mottek ei stadfesting på bestillinga direkte på SMS og e-post. Ein kan og bestille plass på ein avgang som er full og stå på venteliste. Ein mottar melding dersom det blir ledig plass, og blir automatisk sett inn på avgangen.
• Enkelt å avbestille: Det vert enklare å avbestille reservasjonen, ved å klikke på tilsendt lenke i SMS/Epost. Du mottar deretter ei ny melding om at bilplassen er avbestilt. (NB: Frist for avbestilling er 6 timar før avgang).
Bilbestilling finn ein på nettsida vår her: www.fjord1.no/Kundesider (Det er også lenka til bilbestilling på kvar enkelt ruteside).

Slik gjer du det !

Ein kan berre bestille bilplass maks 4 veker fram i tid, og det er berre høve til å legge inn ei bestilling pr avgang. Framgangsmåten for bilbestilling er nokså sjølvforklarande, men under har vi sett opp ei forenkla utgåve:
1. Vel kva samband du skal reise med i øvste boks
2. Vel dato for reisa i neste boks
3. Vel den strekninga og avgangen du ønskjer i boksane under og klikk på knappen «Bestill bilplass» (Det kjem no opp ein ny boks med talet på ledig bilplassar og tidspunktet du har valt)

4. Legg inn registreringsnummeret på bilen
5. Kryss av for biltypen du skal ha med
6. Legg inn namn, e-post adr. og mobilnummer
7. Har du andre merknader til bestillinga legg du dette inn i kommentarboksen
8. Hak av for samtykke nederst og stadfest bilbestillinga di

Det er framleis mogleg å reservere bilplass via Fjord1 Servicesenter på tlf: 5775 7000.