Visjon: Fjord1 - Best på miljøvennleg og påliteleg transport.

Fjord1 skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttrans­port for våre kundar, oppdragsgjevarar og samarbeids­partnarar.

Gjennom imøtekommande og profesjonell service, skal Fjord1 sine tilsette gjere reisa på fjorden til ein sikker, komfortabel og saumlaus oppleving.

  • Vi skal vere best på miljøvennleg transport
  • Vi skal gje eigarane våre stabil, god avkastning på investert kapital
  • Vi skal halde det vi lovar kundane våre
  • Vi skal behandle dei tilsette på ein slik måte at dyktige folk har lyst til å arbeide her
  • Vi skal vere ein føretrukken samarbeidspartnar for oppdragsgjevarane våre
  • Solide økonomiske resultat, sunn forretningsdrift, kvalitet i alle prosessar

Verdiane: Godt humør, open og ærleg, påliteleg, lønnsam, god samhandling og teamånd og stolt. 

Fjord1 sine verdiar skal reflektere kven Fjord1 er og korleis vi arbeider. Verdiane skal vere rettleiande for korleis Fjord1 sine medarbeidarar skal opptre i kvardagen, både internt og eksternt. På denne måten blir verdiane viktige styringsverktøy i kvardagen og dannar grunnlag for selskapet sin identitet.

Selskapet sine verdiar er sentrale i arbeidet med å bygge ein sunn og sterk organisasjonskultur. Verdiane er sentrale for den felles interne kulturen i selskapet, som skal vere trygg, sunn og samlande for alle tilsette. Verdiane er og sentrale i møte med eksterne samarbeidspartnarar, som til dømes leverandørar, oppdragsgjevarar og i møte med våre reisande.