For Fjord1 handlar samfunnsansvar om korleis vår daglege drift påverkar menneska, miljøa og samfunnet rundt oss. Arbeidet er difor basert på selskapet sin visjon, verdigrunnlag og organisasjonskultur, der målsetnaden er å opptre som ein ansvarleg samfunnsaktør der relasjonane er bygd på tillit og truverd.  

Fjord1 sitt samfunnsansvar skal mellom anna gjenspegle våre kjerneverdiar, kvaliteten i arbeidet, sikkerheit for tilsette og kundar, beredskap og miljøfokus. Ved å bidra til utvikling, bruk og drift av energivennlege fartøy, bidreg Fjord1 til redusert forurreining frå fartøya. Fjord1 har etablert etiske retningslinjer som gir grunnlag for eit godt arbeidsmiljø, ein open og ærleg dialog, og ein sunn organisasjonskultur.

Samfunnsansvar er ein integrert og naturleg del av det daglege arbeidet i Fjord1 og vi har til ei kvar tid fokus på å:

  • Utøve ei klar og god eigarstyring og selskapsleiing for å fremje størst mogleg verdiskaping over tid
  • Tilby dei reisande ei trygg og driftssikker reise over fjordane 
  • Sikre ei berekraftig utvikling gjennom vårt daglege virke
  • Utøve forretningsverksemd på ein slik måte at belastningane på det ytre miljøet er lågast mogleg
  • Halde høg etisk standar i alt vi føretek oss
  • Sikre økonomiske, miljømessige og sosiale omsyn når avgjerder skal takast
  • Støtte samfunnsnyttige føremål som etterlev dei same verdiane som utgjer selskapet sitt verdigrunnlag, som underbygger selskapet sin profil og som bidreg til at selskapet når sine målsetnad