Fjord1 har lange tradisjonar med fjordbaserte reiseopplevingar og har dei siste åra spissa satsinga i samarbeid med ulike partnarar som utfyller kvarandre når det gjeld tilbod, marknadsføring og operativ produksjon. Gjennom auka satsing på utvikling av miljøvennlege løysingar, marknadsarbeid i digitale flater og gjennom deltaking i den globale veksten i reiselivsnæringa har selskapet oppnådd gode resultat i dette segmentet.

Vy Fjord1 Reiseliv AS

I juni 2019 blei Vy Fjord1 Reiseliv AS etablert, og Fjord1 og Vy-gruppen eig 50 prosent kvar av dette selskapet. Reiselivsselskapet har hovudkontor i Bergen. Vy Fjord1 Reiseliv skal bidra til å skape vekst i lokal turistnæring og lokale arbeidsplassar, og betre samspel mellom nasjonale, regionale og lokale reiselivsaktørar.

Vy Fjord1 Reiseliv vil tilby sømlause og berekraftige rundreiser i Noreg med utgangspunkt i kollektivbaserte transportmiddel. Gjennom målretta nasjonal og internasjonal marknadsføring skal reiselivstilboda til selskapet treffe fleire kundar, ha ein stabil kundeflyt gjennom heile året og sikre den lokale verdiskapinga.

Vy Fjord1 Reiseliv AS eig 74 prosent av aksjane i Fjord Tours AS og 30,5 prosent av aksjane i Geiranger Fjordservice AS. 

Fjord Tours AS tilbyr ferdige pakketurar i heile Noreg, overfor både den nasjonale og den internasjonale marknaden. Selskapet har individuelle reisande som primær målgruppe. Det har utvikla ein digital salskanal for B2B og nyttar denne kanalen som plattform for sal og marknadsføring. 

Gjennom tett samarbeid med fleire aktørar tek Geiranger Fjordservice sikte på å gjere Geiranger til ein attraktiv destinasjon med reiseopplevingar på fjorden og aktivitetar i området. Primærproduktet til selskapet er passasjerbåtane som går rundturar på Geirangerfjorden. Geiranger Fjordservice driv i tillegg utleige av syklar og bilar, og kan tilby transport, guiding og ulike aktivitetar. 

The Fjords

Fjord1 og Flåm AS stifta The Fjords i 2015, der selskapa har eit likeverdig eigarskap med 50 prosent kvar. The Fjords skal styrkje fjordopplevingane til turistane som besøkjer Fjord-Noreg, og legg vekt på fornying av materiell og produktutvikling. 

The Fjords har fått stor merksemd både internasjonalt og nasjonalt på bakgrunn av dei unike fartøya «Vision of The Fjords» og «Future of The Fjords». Begge fartøya er spesialbygde for sightseeing på norske fjordar, og designet er inspirert av fjellstiar langs fjorden.

The Fjords er til stades på Geirangerfjorden, Hjørundfjorden, Nærøyfjorden, Sognefjorden, Lysefjorden og Oslofjorden. Selskapet utvidar den geografiske plasseringa og har nye fartøy i bestilling. «Legacy of the Fjords» (søsterskipet til Future) er under bestilling og blir levert i juni 2020. Dette fartøyet er tenkt brukt i Oslofjorden, som er den nyaste av marknadene som The Fjords satsar på. The Fjords er i ein vekstfase og har store ambisjonar. Etableringa av selskapet er ei viktig og langsiktig satsing der faktorar som miljø og berekraftig utvikling står sentralt.

 

Geiranger Fjordservice

Geiranger Fjordservice AS er eit selskap med base i  Geiranger, stifta i 1969. Gjennom tett samarbeid med fleire aktørar tek selskapet sikte på å gjere Geiranger til attraktiv destinasjon med reiseopplevingar på fjorden og aktivitetar i Geiranger. 

Selskapet har ein passasjerbåt som går rundturar på Geirangerfjorden som primærprodukt. Frå sommaren 2018 blir dette produktet forsterka med ein heilt ny passasjerbåt i tillegg. 

Geiranger Fjordservice har i tillegg utleige av syklar, bilar og kan dessutan tilby transport, guiding og ulike aktivitetar.

Fjord1 ASA har ein eigardel på 28 % i selskapet.

 

FjordTours AS

Fjord Tours AS vart etablert i 1982 og selskapet tilbyr ferdigpakka turar i heile Norge, både til den nasjonale og internasjonale marknaden. Selskapet har individuelt reisande som primær målgruppe, og har utvikla ei nettplattform som hovudkanal for sal og marknadsføring. 

Rundreisene går med offentleg transport som tog, båt og buss. Fjord1 ASA har ein eigardel på 30,6 % i selskapet. 

 

Widerøe's Flyveselskap AS

Gjennom eigardelen på 34 % i WF Holding AS har Fjord1 ein finansiell eigarpost i Widerøe`s Flyveselskap AS. Widerøe er det største regionale flyselskapet i Norden med kommersielle ruter og anbodsruter i Norge. Widerøe eig og driftar 41 fly og har rundt 450 daglege avgangar.