Å servere mat om bord er nært knytt til ferjesegmentet, og eit viktig område for Fjord1. Gjennom konseptet Ferdamat har Fjord1 dei siste åra satsa på eit tilbod med nylaga mat av høg kvalitet laga av gode, lokale råvarer, samt et visuelt uttrykk, som gjer at kundane kjenner seg att på sambanda til Fjord1.

Svela er sjølve signaturproduktet til Fjord1, og i 2019 selde selskapet om lag 800.000 sveler.

På mindre samband der ein ikkje har betjent kiosk, har ein på fleire samband sjølvbetente kioskar med eit enklare tilbod om mat, drikke og kioskvarer. På større samband er menyen innhaldsrik og ein arbeider stadig med å vidareutvikle cateringkonseptet etter kunden sine behov og etterspurnad.

 

Kiosk eller sjølvbetent løysing

Om bord i våre fartøy er det enten bemanna kiosk eller sjølvbetent løysing, og mattilbodet er utforma slik at det er like lett å nyte maten i salongen som å ta den med seg i bilen.

På dei største ferjesambanda er det bemanna kiosk med ein innhaldsrik kafèmeny. Her finn ein både varme og kalde rettar, husmannskost, påsmurde baguettar og klassiske kioskvarer. På alle ferjesamband med bemanna kioskar kan ein velje glutenfrie og økologiske alternativ.

På dei mindre sambanda er cateringløysinga sjølvbetent. Vi tilbyr likevel eit freistande tilbod av enklare mat og drikke, i tillegg til kioskvarer som brus og anna snacks.

Les meir om servering om bord her!