Reiseopplevinga på fjorden er fellesnemnaren for alle engasjementa som Fjord1 involverer seg i.

Fjord1 har lang tradisjon med fjordbaserte opplevingar, men har dei seinare åra spissa satsinga i samarbeid med ulike partnarar som utfyller kvarandre i høve marknadsføring og operativ produksjon. Dette gjennom auka satsing på produktutvikling med miljøvenlege løysingar, marknadsarbeid i digitale flater og delta i den globale veksten i reiselivsnæringa. 

 

The Fjords

Med kompetanse innan både maritim næring og reiseliv har Fjord1 ASA og Flåm AS stifta eit felles selskap med likeverdig eigarskap 50/50; The Fjords. Dette vart etablert i 2015 med eit nytt konsept for miljøvennlege opplevingar på ikoniske norske fjordar. Gjennom dette selskapet ønskjer Fjord1 ASA og Flåm AS å tilby eit betre reiselivsprodukt på fjorden. Selskapet skal styrke fjordopplevinga for dei mange turistane som besøker fjord-Norge med fokus på fornying av materiell og produktutvikling.

Fjord1 ASA er ein erfaren aktør i fjordbassenget og det største fergeselskapet i Norge. Flåm AS tenker heilheitleg reisemålsutvikling og tilrettelegg reiser og mektige opplevingar. Dagens moderne turist forventer å få ein smakebit av regionen sin særtrekk på ein inspirerande, tilrettelagt og effektiv måte. Dette i kombinasjon med bekvemmeligheiter, matopplevingar og service av beste kvalitet. Når gjestane kjem langveisfrå for å oppleve fjordane, skal The Fjords tilrettelegge for at dei tilreisande får ei flott fjordoppleving som skapar begeistring. Etableringa av The Fjords er ein viktig og langsiktig satsning der faktorar som miljø og bærekraftig utvikling står sentralt i oppbygging av selskapet.

 

 

Geiranger Fjordservice

Geiranger Fjordservice AS er eit selskap med base i  Geiranger, stifta i 1969. Gjennom tett samarbeid med fleire aktørar tek selskapet sikte på å gjere Geiranger til attraktiv destinasjon med reiseopplevingar på fjorden og aktivitetar i Geiranger. 

Selskapet har ein passasjerbåt som går rundturar på Geirangerfjorden som primærprodukt. Frå sommaren 2018 blir dette produktet forsterka med ein heilt ny passasjerbåt i tillegg. 

Geiranger Fjordservice har i tillegg utleige av syklar, bilar og kan dessutan tilby transport, guiding og ulike aktivitetar.

Fjord1 ASA har ein eigardel på 28 % i selskapet.

 

FjordTours AS

Fjord Tours AS vart etablert i 1982 og selskapet tilbyr ferdigpakka turar i heile Norge, både til den nasjonale og internasjonale marknaden. Selskapet har individuelt reisande som primær målgruppe, og har utvikla ei nettplattform som hovudkanal for sal og marknadsføring. 

Rundreisene går med offentleg transport som tog, båt og buss. Fjord1 ASA har ein eigardel på 30,6 % i selskapet. 

Widerøe's Flyveselskap AS

Gjennom eigardelen på 34 % i WF Holding AS har Fjord1 ein finansiell eigarpost i Widerøe`s Flyveselskap AS. Widerøe er det største regionale flyselskapet i Norden med kommersielle ruter og anbodsruter i Norge. Widerøe eig og driftar 41 fly og har rundt 450 daglege avgangar.