Lokalbåtrutene er samansett av 15 lokalbåtruter rundt i fylket. Fjord1 eig fire passasjerbåtar sjølv, og leiger inn 10 passasjer- og kombibåtar frå underleverandørar. Nokre av båtane tek berre passasjerar, medan andre båtar også tek bilar.

Kontraktane på dei lokale hurtigbåtrutene har vore gjeldande frå 1. mai 2012 med ei gyldigheit på åtte år med mogelegheit for ytterlegare to opsjonsår.

I tillegg til aktiviteten i Fjord1 ASA er selskapet engasjert i hurtigbåtdrift mellom Kristiansund og Trondheim i samarbeid med Fosen Namsos Sjø AS gjennom selskapet Partsrederiet Kystekspressen ANS med ein eigardel på 49 %.