Å servere mat om bord er nært knytt til ferjesegmentet, og eit viktig område for Fjord1. Gjennom konseptet Ferdamat har Fjord1 dei siste åra satsa på eit tilbod med nylaga mat av høg kvalitet laga av gode, lokale råvarer, samt et visuelt uttrykk, som gjer at kundane kjenner seg att på sambanda til Fjord1.

Svela er sjølve signaturproduktet til Fjord1, og i 2017 selde vi 800.000 sveler.

På mindre samband der ein ikkje har betjent kiosk, har ein på fleire samband sjølvbetente kioskar eller automatar med eit enklare tilbod om mat, drikke og kioskvarer. På større samband er menyen innhaldsrik og ein ønsker framover å òg kunne tilby økologiske produkt. Ein arbeider stadig med å vidareutvikle cateringkonseptet etter kunden sine behov og etterspurnad.

 

Kiosk, sjølvbetent eller automat

Om bord i våre fartøy er det enten bemanna kiosk, sjølvbetent løysing eller automatar og mattilbodet er utforma slik at det er like lett å nyte maten i salongen som å ta den med seg i bilen.

På alle dei store ferjesambanda er det bemanna kiosk med ein innhaldsrik kafèmeny. Her finn ein både varme og kalde rettar, husmannskost, påsmurde baguettar og klassiske kioskvarer. På alle ferjesamband med bemanna kioskar kan ein velje eit glutenfritt alternativ. Fjord1 har ein også ein målsetnad om å signalisere gjennom cateringen at vi er leiande innanfor "det grøne skiftet". Difor vil vi i framtida tilby våre reisande økologiske produkt på dei største sambanda.

På dei mindre sambanda er cateringløysinga sjølvbetent eller i form av automat. Vi tilbyr likevel eit freistande tilbod av enklare mat og drikke, i tillegg til kioskvarer som brus og anna snacks.