Ferjesegmentet omfattar ferjedrift i Norge der det er inngått kontrakt om samband. Selskapet er ein leiande operatør innan norsk ferjedrift med 50 % av marknaden, og driftar sju av dei ti største sambanda i landet.

Det er i dag stor aktivitet knytt til anbod innanfor ferjesegmentet, saman med fokus på implementering av nye kontraktar og kontrahering av fartøy. Dei neste to åra blir over eit tjuetals fartøy ferdigstilt for oppstart av nye kontraktar i Norge.

På same tid som ein bygger elektriske ferjer, er det òg stor aktivitet med prosjektering av ladearrangement på kaiene der desse fartøya skal driftast.

Fjord1 driftar over 60 ferjer. Sambanda våre er spreidd over heile Norge i seks ulike fylker (Sogn & Fjordane, Møre & Romsdal, Hordaland, Rogaland, Buskerud og Sør-Trøndelag).