Ungdomskort - eit tilbod for deg som er mellom 16 og 20 år

Ungdomskort kan bestillast i Skyss Billett app. Ein slepp då å bestille fysisk kort, og du får tilgang til ungdomskortet umiddelbart! Bestill ungdomskortet her!

Om du ønsker eit fysisk kort, fyll ut skjemaet under. Det tar inntil 14 dagar å få tilsendt kort.

Om kortet

Det elektroniske ungdomskortet kan påfyllast ein periode på 30 dagar – uavhengig av kalendermånad.

Alle mellom 16 og 20 år kan bruke Kringom sitt ungdomskort. Dersom du tek til i vidaregåande opplæring i august, men fyller 16 år seinare på året, kan du likevel kjøpe ungdomskort frå skulestart. Ungdomskort kan brukast fram til den dagen du fyller 20 år.

Perioden gjeld frå den datoen perioden blir aktivert, dvs. ved første gongs bruk av perioden i ein billetterminal i bussen/båten/ferja og til midnatt på dag nr 30.

Sjå https://www.skyss.no/Billettar-og-prisar/om-skysskortet/ for ruter ein kan bruke ungdomskortet på.

Ungdomskortet er personleg og skal ha påtrykt foto og namn. Av omsyn til personvernet koplar ikkje trafikkselskapa kortnummeret mot kundenamn. Kun kortnummer blir registrert i trafikkstatistikken. Skulle du ha spørsmål om kortet/bruken, må du oppgje kortnummeret som står påtrykt og som berre du kjenner.

For å stimulere til å ta vare på og gjenbruk av korta blir det krevd kortpant på 100 kr.

Bestilling kan også skje over disk der ruteselskapa har ekspedisjonar. Ferdig kort vert sendt til deg i posten, utlevert i skranke eller på anna høveleg vis dersom du ber om det på skjemaet. Betaling for pant og periode skjer ved første gangs bruk. Syn fram gyldig legitimasjon til sjåfør/billettør, som legg inn fødselsdato ved kjøp av kortet.

Gyldig legitimasjon er pass, bankkort med bilde eller førarkort.

Ungdomskortet kostar 370 kr.