Ungdomskort 

Det nye elektroniske ungdomskortet kan påfyllast ein periode på 30 dagar – uavhengig av kalendermånad.

Kortet gjeld frå den dagen du fyller 16 år og til den dagen du fyller 20 år.

Perioden gjeld frå den datoen perioden blir aktivert, dvs. ved første gongs bruk av perioden i ein billetterminal i bussen/båten/ferja og til midnatt på dag nr 30.

Ungdomskortet gjeld også på ferjer i Sogn og Fjordane (dvs. ikkje  Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland).

Ungdomskortet er personleg og skal ha påtrykt foto og namn. Av omsyn til personvernet koplar ikkje trafikkselskapa kortnummeret mot kundenamn. Kun kortnummer blir registrert i trafikkstatistikken. Skulle du ha spørsmål om kortet/bruken, må du oppgje kortnummeret som står påtrykt og som berre du kjenner.

For å stimulere til å ta vare på og gjenbruk av korta blir det krevd kortpant på 100 kr.

Bestilling kan også skje over disk der ruteselskapa har ekspedisjonar. Ferdig kort vert sendt til deg i posten, utlevert i skranke eller på anna høveleg vis dersom du ber om det på skjemaet. Betaling for pant og periode skjer ved første gangs bruk. Syn fram gyldig legitimasjon til sjåfør/billettør, som legg inn fødselsdato ved kjøp av kortet.

Gyldig legitimasjon er pass, bakkort med bilde eller førarkort.