Båtbillett

Bestill kundekort til passasjerbåt

Sogn og Fjordane fylkeskommune er oppdragsgjevar for både buss og passasjerbåt, og kundekorta er gyldige på begge transportmidla.

Bestill ungdomskort Sogn og Fjordane

Det nye elektroniske ungdomskortet kan påfyllast ein periode på 30 dagar – uavhengig av kalendermånad.

Kundekort på passasjerbåt

Det fins tre produktvariantar for periodekort:

  • Periodekort Barn (4–16 år)
  • Periodekort Vaksen
  • Periodekort Kombi båt/buss (pris redusert med 25 %, gjeld kun i Florabassenget*)
    *Kombikort for båt-buss og buss-båt kan ein kjøpe hos Fjord1 og Firda Billag. For buss-båt-buss-reise, må ein kjøpe kort hos Firda Billag)

Bestill Fjord1-periodekort her

Rabattar på passasjerbåt

Rabattar for passasjerbåt for 2017

Skule-/student-/Interrailrabatt

Du får 50 % rabatt på alle strekningar året rundt ved å syne godkjent skule-/studentbevis.

Grupperabatt – lokalbåt

25 % rabatt ved to eller fleire reisande. Rabatten gjeld kun på voksen- og barnetakst.

Verdikort – passasjer*

For passasjerar blir det skrive ut verdikort med minsteverdi på 300 kr. Rabatt blir gitt ved bruk og slik at ein oppnår 17 % rabatt i høve full takst på strekninga for vaksen/barn. Verdikort kan berre nyttast innanfor Sogn og Fjordane. Rabatten gjeld ikkje honnør.

Verdikort – køyretøy*

Bruk av verdikort for køyretøy (Nasjonalt ferjekort) gjev rabatt etter vanlege vilkår.

Honnørbillett*

Billett med 50 % rabatt. Ordninga omfattar:
a) personar over 67 år
b) uføre som har uførepensjon etter Lov om folketrygd
c) blinde. Fylgje til blinde som reiser fritt
d) ektefelle / registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter punkta framfor.

Militær-rabatt*

50 % rabatt til vernepliktig mannskap. Vernepliktsbok eller innkallingsordre gjeld som bevis.

Ungdomskortet

Ungdom mellom 16 og 20 år kan løyse ungdomskort for 380 kr for perioder á 30 dager. Med kortet reiser ein gratis på båt-, ferje- og bussrutene innanfor fylkesgrensene i Sogn og Fjordane. Plass kan ikkje tingast på førehand. Kortet kostar 100 kr å få laga til (pant). Pant blir krevd ved første gangs kjøp, og ein må ha med passfoto og godkjend legitimasjon som syner alder ved kjøp (pass, bankkort med bilete eller førarkort). Kort kan tingast om bord eller på www.fjord1.no.

Takstar på lokalbåt i Sogn og Fjordane

Sjå takstane for lokalbåt i Sogn og Fjordane i lenka under:

Takstar passasjerbåt 2018