Høg trivsel 

Den viktigaste ressursen til Fjord1 er medarbeidarane. Difor har selskapet arbeidd målretta dei siste åra med å utvikle eit tydeleg fokus på leiing, medarbeidaroppfølging og utvikling. Fjord1 har i tillegg sterkt fokus på kultur og kulturbygging. Med ein god kultur og eit godt rammeverk er det høg trivsel mellom tilsette i Fjord1. 

 

  

Gode arbeidsmiljø

Eit godt arbeidsmiljø vert mellom anna kjenneteikna av gode relasjonar mellom mennesker, eit sosialt miljø, tydelege ansvarsområder og roller, arbeidsglede og arbeidslyst. 

God informasjon, eigarskap til arbeidsoppgåver, aktiv deltaking i eigen kvardag og tillit mellom leiing og tilsette sikrar forankring til eit godt miljø. For å oppnå dette, er det viktig med god oppfølging og tilrettelegging for medarbeidarane - ved hjelp av rutinar som er kjend for alle. Ei velfungerande leiing set krav, legg til rette og bygg kultur i lag med medarbeidarane i Fjord1.

  

Personleg utvikling

Fjord1 er oppteken av at medarbeidarane skal kjenne på motivasjon og jobbtilfredsle i sitt daglege arbeid. Difor legg selskapet til rette for at medarbeidarane skal: 

  • lukkast i arbeidet sitt
  • kunne utrette noko
  • oppnå anerkjenning for sitt arbeid
  • ha oppgåver og arbeid som ein likar og trivast med
  • ha ansvar for arbeidsoppgåver
  • samarbeid 
  • vekse og utvikle seg i jobben, med sjans for karriere og forfremming

  

Engasjerte leiarar 

Ei god leiing er den viktigaste premissen for engasjerte medarbeidarar som leverer, trivst og spelar kvarandre gode. Å fremje god leiing er difor ei viktig investering i Fjord1 si framtid. Fjord1 har satsa medvite og stratetgisk på leiarar, kapteinar og tillitsvalte i selskapet dei siste åra. Ei god leiing er eit konkurransefortrinn.