Du kan lese dei i artikkelen under, eller i PDF her:

Code of conduct.pdf (304,8 kB)

 

 

Melding i frå administrerande direktør

Våre medarbeidarar har bidrege til å etablere Fjord1 sitt omdømme som eit selskap som ein kan stole på. Dette omdømme påverkast kvar einaste dag av åtferda til våre tilsette. Fjord1 er eit selskap i vekst og i konkurranse. Vekst og lønsemd er avhengig av at vi heile tida har ein intensjon om å avdekke eventuelle feil og manglar i våre tenester, prosessar og produkt. Etterleving av våre kjerneverdiar er difor avgjerande for at vi skal lykkast over tid i marknaden. Vår konkurranseevne og plass i samfunnet startar og sluttar med at vi er til å stole på.

Fjord1 sin visjon er at vi skal vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Vi oppnår vår visjon ved å etterleve våre kjerneverdiar. Fjord1 sine forretningsetiske retningslinjer er eit av selskapet sitt viktigaste styringsdokument og tar sikte på å bygge tillit som ei respektert verksemd og samfunnsaktør. Fjord1 si forretningsadferd, drift og prosessar skal vere bærekraftig og alltid reflektere tillit og integritet.

Dei forretningsetiske retningslinjene skildrar våre etiske standardar og forventningar. Kvar og ein av oss er ansvarleg for å lese og gjere seg kjent med denne standarden, fordi vi er alle ansvarlege for å gjere Fjord1 til eit påliteleg selskap, og våre etiske prinsipp skal reflekterast i måten vi oppfører oss på og korleis vi gjer forretningar.

Om ein har kjennskap til eller mistanke om brot på dei forretningsetiske retningslinjene til Fjord1, ber vi om at dette vert varsla til næraste leiar, leiar på overordna nivå eller ved å sende ein e-post til varsling@fjord1.no. Personar som rapporterer om brot  i god tru, vil ikkje bli gjenstand for gjengjelding.  

Manglande etterleving av retningslinjene kan føre til disiplinære reaksjonar.

Dagfinn Neteland,

Administerande direktør Fjord1.

 

Innleiing

Fjord1 har eit sett med forretningsetiske retningslinjer (Code of Conduct), som innheld ei rekke etiske problemstillingar. Retningslinjene utgjer grunnlaget for våre reglar og prosedyrar. Kulturen i Fjord1 er tufta på god forretningsskikk, ein open og ærleg framtreden, og respekt for andre mennesker.

Fjord1 sine forretningsetiske retningslinjer gjeld alle tilsette, konsulentar, innleigd personell, samt alle som utfører arbeid for eller representerer selskapet, leiarar, medarbeidarar, styremedlem, innleigde konsulentar, og andre som opptrer på vegne av selskapet. Retningslinjene gjeld og for selskapet sitt styre under utøvinga av sitt styreverv, og personell i selskap kor Fjord1 har meir enn 50% eigardel.

Retningslinjene omfattar generelt alle aktivitetar som vert utøvd på Fjord1 sine vegne eller kor ein på andre måtar representerer selskapet; til dømes på reise, kurs, arrangement, fagfora og liknande. Retningslinjene gjeld i intern og ekstern kommunikasjon verbalt, på epost og i sosiale medier.

Alle som er tilknytt Fjord1 har eit personleg ansvar for å følgje dei reglar og prinsipp som bygger opp under Fjord1 sine forretningsetiske retningslinjer. Retningslinjene bygger på selskapet sine verdiar. Ved å forankre vår åtferd i selskapet sitt felles verdigrunnlag og opptre i høve til desse retningslinjene, kan vi bidra til høg etisk standard i alle delar av selskapet. Åtferd i strid med dei forretningsetiske retningslinjene kan mellom annan påverke selskapet sitt omdømme, økonomi og truverde. Brot på dei etiske retningslinjene kan difor medføre disiplinære reaksjonar i form av munnleg eller skrifteleg åtvaring og i alvorlege tilfelle oppseiing eller avskjed.

Vi i Fjord1 stiller og grunnleggande krav om samfunnsansvar til våre leverandørar. Det betyr frivillig integrering av miljøomsyn og sosiale omsyn i heile verdikjeda. Leverandørane må bekrefte at dei ikkje bryt grunnleggande lover og reglar i forhold til arbeidstakars- og menneskerettigheitar, HMS, er føre-var i miljøsaker og motarbeidar all form for korrupsjon. 

 

Verdiar og åtferd

 

Personleg åtferd

Fjord1 krev høg etisk standard av alle som handlar på vegne av selskapet. Tilsette må rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og føreskrifter og ein må utføre sine plikter i samsvar med krava og standardane som gjeld i Fjord1. Vi skal utføre våre arbeidsoppgåver med høg integritet og ærleg framferd.

I Fjord1 skal vi opptre med respekt og vennlegheit  ovanfor forretningsforbindelsar, kundar, kollegaer og andre som vi kjem i kontakt med gjennom vårt arbeid. Vi skal ha ein open, folkeleg og positiv omgangsform der alle kan stole på kvarandre.

I Fjord1 skal vi ha respekt for våre kollegaer sine fag- og ansvarsområder og vi skal anerkjenne kvarandre sitt arbeid. Vi skal alle bidra til eit godt arbeidsmiljø, gjennom å vere opne, inkluderande og tolerante. Ingen skal utsettast for diskriminering,  mobbing  eller anna utilbørleg åtferd og vi skal behandle alle med respekt, uavhengig av kjønn, legning, livssituasjon, kultur og etnisk opphav.

 

Lojalitet og tillit

Tilsette i Fjord1 skal både i arbeidstid og på fritid representere Fjord1 på ein respektfull og verdig måte og vi har alle eit ansvar for å opptre lojalt ovanfor Fjord1 som arbeidsgjevar.  Vi skal utføre arbeidsoppgåvene våre på ein god og tilfredsstillande måte og vi skal ikkje utføre handlingar som kan skade selskapet sitt omdømme. 

I Fjord1 skal forholdet mellom leiar og tilsett vere basert på gjensidig tillit, der den enkelte sin lojalitet og dømekraft er grunnsteinen i forholdet. Vi skal avstå frå handlingar som kan skape konflikt mellom eigne private forhold og dei interessene som skal ivaretakast i forhold til Fjord1.

Tilsette i Fjord1 skal aktivt støtte avgjerder fatta av leiinga og ein må sørge for at den informasjonen som vert utlevert om selskapet ikkje er i konflikt med selskapet sine interesser og overordna mål.

Kravet til lojalitet omfattar også ei  plikt til å varsle om forhold som er, eller kan vere skadelege for selskapet.

 

Informasjon og teieplikt

Tilsette i Fjord1 har teieplikt om forretningsmessige eller private forhold som ein får kjennskap til gjennom sitt arbeid i selskapet. Unntaket er dersom ein etter lov eller rett har plikt til å gi opplysningar. Teieplikta omfattar opplysningar om selskapets forretningsmessige drift, samt andre forhold av intern og fortruleg art. Syner her mellom anna til informasjon om selskapet sine  strategiske forhold, kalkylar, anbodsarbeid, avtalar, måte å drifte på, rekneskap, budsjett, finansielle forhold, kundar, samarbeidspartnarar, kontraktar, samt personlege opplysningar.

Fortruleg informasjon som ein vert tileigna i arbeidsforholdet skal ikkje bringast vidare til uvedkommande eller nyttast til personleg vinning.

Teieplikta gjeld også ovanfor kollegaer som gjennom sitt arbeid ikkje har behov for å gjere seg kjend med opplysningane.

Teieplikta gjeld etter avslutta tilsettings- eller kontraktsforhold og vil vere gjeldande så lenge informasjonen vert rekna å vere konkurranseømfintleg eller på anna måte fortruleg.

 

Våre relasjonar

 

Nære relasjonar

 

Nærståande (foreldre/born, søsken eller ektefelle/sambuar) eller tilsette med andre nære relasjonar kan som hovudregel ikkje ha same leiar eller arbeide i same avdeling, inneha stillingar der den eine har moglegheit til å hindre, bedømme, godkjenne, revidere, kontrollere eller på anna måte påverke den andre sitt arbeid.

Dersom slike relasjonar oppstår, er ein pliktig å melde i frå til næraste leiar. Næraste leiar vil då ta stilling til om det er nødvendig å flytte ein av partane.

 

Forhold til kundar, konkurrentar, leverandørar og oppdragsgjevarar

Etikk og integritet er viktige element i grensesnittet mellom Fjord1 som selskap og våre kundar, konkurrentar, leverandørar og oppdragsgjevarar. Gjensidig tillit er ein viktig føresetnad for ei velfungerande næring og vi skal framstå som pålitelege, opne og ærlege. 

Kundane våre skal møtast med innsikt, respekt og forståing. Vi skal alltid forsøke å ivareta kunden sitt behov på best mogeleg måte innanfor dei etiske rammene som gjeld for selskapet.

Vi snakkar ikkje nedlatande om våre konkurrentar og vi skal til ei kvar tid behandle desse med respekt og profesjonalitet. Prissamarbeid eller anna konkurransedrivande verksemd er ulovleg, samfunnsøkonomisk skadeleg og noko vi tek avstand i frå.

Leverandørar skal behandlast upartisk og rettferdig. Leverandørar som konkurrerer om kontraktar med Fjord1 skal alltid kunne ha tillit til integriteten i selskapet sin utveljingsprosess. Ved val av leverandørar skal alltid selskapet sine bedriftsinterne retningslinjer og prosedyrar følgjast.

Fjord1 sine oppdragsgjevarar har valt å bruke vår kompetanse og våre tenestar. Vi skal levere tenestar med profesjonalitet og tverrfaglege kompetanse. Våre tenester skal vere hensiktsmessige og tilpassa oppdragsgjevar sine spesifikke problemstillingar og behov. Vi skal møte og behandle oppdragsgjevar på ein profesjonell og føreseieleg måte, samarbeide for å oppnå dei beste løysingane og vere aktive ambassadørar for Fjord1 sine  verdiar.

 

Interessekonflikt

Tilsette i Fjord1 skal oppføre seg upartisk i all forretningsverksemd, og ikkje gje andre selskap, organisasjonar eller enkeltpersonar urettmessige fordelar. Tilsette må ikkje bli involvert i relasjonar som kan føre til ei faktisk eller oppfatta konflikt med Fjord1 sine interesser, eller som på nokon måte kan ha negativ effekt på vedkommande sin handlingsfridom eller dømmekraft.

Tilsette må ikkje arbeide med eller behandle saker der dei sjølv, deira ektefelle, partnar, nære slektningar eller andre personar som dei har nære relasjonar til, kan ha direkte eller indirekte økonomisk interesse.

Tilsette skal heller ikkje arbeide med eller behandle saker der det fins andre tilhøve som kan undergrave tilliten til den tilsette si eiga upartiskheit eller til integriteten i arbeidet som vert gjort.

Tilsette må ikkje bruke selskapet sine eigendelar eller informasjon som vedkommande har skaffa seg gjennom sin posisjon eller stilling i Fjord1, til eiga vinning eller med det føremål å konkurrere med selskapet. Eventuelle mistankar om interessekonflikt skal rapporterast til overordna.

Som tilsett i Fjord1 skal du ikkje halde ei anna stilling eller utføre arbeid for andre i arbeidstida utan ei forhåndsgodkjenning frå overordna. Engasjement knytt til eksterne oppgåver og stillingar er positivt, men omfang eller type må ikkje påverke arbeidsforholdet ditt med Fjord1 eller på anna måte kome i konflikt med Fjord1 sine forretningsinteresser.

 

Gåver og fordelar 

Tilsette i Fjord1 skal ikkje ta i mot eller gje personlege fordelar eller gåver som kan påverke handlingar eller avgjerder som skal fattast. Forbodet gjeld også invitasjonar, reiser eller deltaking på arrangement med leverandør eller forretningsforbindelsar utan at dette er godkjent av næraste overordna.

Forbodet gjeld ikkje tilfeldige og bagatellmessige gåver som t.d. konfekt og blomar med ein verdi under kroner 500, samt arbeidslunsjar og middagar. Dersom ein er i tvil, så skal ein ta det opp med næraste leiar.

 

Korrupsjon

Fjord1 er motstandar av alle formar for korrupsjon. Du skal aldri tilby eller akseptere ulovlege eller upassande pengegåver eller anna godtgjering for å få forretningsmessige eller personlege fordelar for deg sjølv eller andre. Fjord1 har ei fast haldning til gåver, lønningar og aktiviteter som kan oppfattast å inkludere element av ei gåve. Dette gjeld både korleis vi behandlar våre kunder og korleis våre tilsette og samarbeidspartnarar bør nærme seg dette problemet.

 

Kvitvasking

Fjord1 er motstandar av alle formar for kvitvasking av pengar, og skal iverksette tiltak for å forhindre at finansielle transaksjonar med selskapet kan nyttast av andre til å vaske pengar.

 

Diskriminering

Fjord1 forbyr ulovleg diskriminering av tilsette, styremedlem, kundar, leverandørar og aksjonærar på grunn av kjønn, rase, religion, alder, funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonalitet, politisk standpunkt, fagforeining, sosial eller etnisk opprinning. Det vert oppfordra til arbeidsplassdiversitet på alle nivå. Alle personar skal bli møtt med verdigheit og respekt, og dei skal ikkje urimeleg forstyrrast i utføringa av plikt og ansvar.

Alle tilsette og offiserar skal bidra til å skape eit arbeidsmiljø fri for diskriminering på grunn av kjønn, rase, religion, alder, funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonalitet, politisk oppfatning, fagforeining, sosial eller etnisk opprinning. 

Tvangsarbeid

Eitkvart tilsettingsforhold med Fjord1 skal vere fritt valt - og fri for truslar. Fjord1 motset bruk av tvungen arbeid, inkludert, men ikkje begrensa til, utveksling av arbeid for betaling av gjeld.

Einkvar tilsett står fritt til å forlate si stilling etter å ha gitt rimeleg varsel om dette på forhånd.

Ingen skal vere pålagt å sette inn pengar, legge inn identitetspapir eller liknande for å få- eller beholde jobben i Fjord1.

 

Barnearbeid

Fjord1 skal ikkje tilsette- eller inngå barnearbeid. "Barnearbeid" betyr arbeid av barn eller unge, med mindre det vert ansett som akseptabelt i samsvar med LO sin alderskonvensjon. "Barn" betyr alle under 15 år, med mindre nasjonal eller lokal lov fastset ein høgare minimumsalder eller høgare alder for å fullføre obligatorisk skulegang, i så fall skal høgare alder gjelde.

Alle har ansvar for å sikre at personar under 18 år ikkje utfører noko farleg arbeid, inkludert men ikkje begrensa til eksponering for fysisk, psykologisk eller seksuelt misbruk. Viss du blir merksam på ein tilsettingssituasjon i strid med dei ovanfor angitte standardar, skal du straks varsle din nærmaste overordna eller ein anna leiar.

Forbodet gjeld ikkje tilfeldige og bagatellmessige gåver som t.d. konfekt og blomar med ein verdi under kr 500, samt arbeidslunsjar og middagar. Dersom ein er i tvil, så skal ein ta det opp med næraste leiar.

 

Kommunikasjon

Fjord1 sin profil vert i stor grad påverka av vår evne til å kommunisere på ein konsistent og profesjonell måte med eksterne aktørar, inkludert media. Tilsette i Fjord1 skal vere serviceorienterte, proaktive, ærlege og imøtekommande i sin omgang med eksterne aktørar. Den informasjonen vi utgir om selskapet skal vere korrekt og objektiv og ein må til ei kvar tid ivareta Fjord1 si interesse på ein tillitsskapande måte.

All uttale til media skal utførast av personar spesielt utpeikt for dette.

 

Aksjonærkommunikasjon

Fjord1 vil gje all informasjon som er relevant for evalueringa av selskapet si drift og verdi til sine aksjonærar og marknaden på ein rettidig og effektiv måte, i samsvar med gjeldande regelverk på Oslo Børs. Selskapet oppfordrar til dialog med aksjonærane gjennom tilstrekkelege fora basert på prinsippet om likebehandling og tilgang til informasjon. Fjord1 vil behandle alle aksjonærar likt.

 

Sosiale media

Vi oppmodar alle som arbeidar i Fjord1 til å halde seg oppdatert på sosiale mediar, men at dette primært vert gjort i pausar og på fritida dersom aktiviteten ikkje er jobbrelatert. Innhald som vert lagt ut på sosiale mediar skal ikkje skade selskapet sitt omdømme –  og det er viktig å merke seg at ein også kan bli oppfatta som ein representant for selskapet når ein brukar sosiale mediar på fritida.

 

 

Samfunn og tilsette

 

Korrekt informasjon, rekneskap og rapportering

Fjord1 skal gi fullstendige, korrekte og nøyaktige klargjeringar i våre rapportar til tilsynsmyndigheiter og andre. Den enkelte medarbeidar skal sikre at informasjon, rekneskapsføring og rapportering er nøyaktig og fullstendig.

All rekneskapsinformasjon skal vere korrekt, registrert og gjengjeve i samsvar med lover, føreskrifter, reglar og relevante rekneskapsstandardar.

Alle delar av Fjord1 skal ha gode interne kontrollar som sikrar at selskapet sine mål og strategiar vert oppfylt og overhaldt. Interne kontrollar skal sikre at forretningsprosessane til ei kvar tid er effektive og innanfor eit akseptabelt risikonivå, at fysiske og immaterielle eigendelar er sikra og utnytta, at finansiell informasjon er korrekt og rettidig, og at lovar, forskrifter og retningslinjer vert følgt.

 

Ansvar for selskapet sin økonomi og verdiar

Som medarbeidar i Fjord1 er ein omfatta av selskapet sitt tryggleikstyringssystem for sjø og land. Dette inneber mellom anna å setje seg inn i og gjere seg kjend med styrande dokument, følgje prosedyrar og retningslinjer og melde frå om eventuelle avvik.

Alle tilsette skal vise omsyn for og ha særleg fokus på selskapet sin eigedom med omsyn til vedlikehald då dette er særs viktig for tryggleiken både om bord og på land. Alle tilsette pliktar å delta i arbeidet med kontinuerleg forbetring av tryggleiksstyringssystemet.

Tilsette må ikkje gjere uttak av, eller nytte selskapet sin eigedom til eigne føremål utan at dette er avtalt med overordna eller den som er ansvarleg. Ingen skal i urimeleg grad nytte selskapet sin informasjon, IT-utstyr, materiell eller andre eigedelar til private føremål eller aktivitetar som ikkje er relevant for arbeidet.

 

Menneskerettigheitar

Innanfor si innflytelsessfære skal selskapet støtte, respektere og forplikte seg til prinsippa i dei internasjonale menneskerettigheitane. Selskapet anerkjenner dei sosiale og etiske standardar for beskyttelse av menneskerettigheitane, og sikrar at desse prinsippa ikkje vert brotne i Fjord1.

 

Arbeidsmiljø

Nødvendige vilkår for eit trygt og sunt arbeidsmiljø skal bli gitt til alle tilsette i selskapet. Fjord1 har til ei kvar tid fokus på eit godt arbeidsmiljø. Selskapet har eigne prosedyrar kring forhold som kan påverke arbeidsmiljøet i negativ retning.

 

 

Miljø

 

Avfall og gjenvinning  

Selskapet sine eigendelar og tenestar er utforma på ein slik måte at energi og råvarer blir nytta effektivt, og avfall og restprodukt vert minimert eller gjenvunne.

 

Prinsipp om varsemd

Selskapet støttar varsemdprinsippet ved å unngå material og metodar som medførar miljø- og helsefare så langt det er rimeleg mogleg. Selskapet har fokus på miljøvennlege produkt og løysingar.

 

Miljøyting

Fjord1 skal rutinemessig rapportere om sin miljøprestasjon, med særleg vekt på å vurdere dei potensielle risikoane for notid- og framtidige eigendelar og operasjonar.

 

Varsling av kritikkverdige forhold

Saman med Fjord1 sine verdiar, understrekar dei forretningsetiske retningslinjene Fjord1 sin standard for etikk og integritet. Dersom ein har kjennskap til kritikkverdige forhold som bryt med Fjord1 sine forretningsetiske retningslinjer, så ønskjer Fjord1 at dette vert varsla om.

Arbeidstakarar har rett til å varsle, og ved ein forsvarleg framgangsmåte er desse beskytta mot gjengjelding som følgje av varslinga.

Fjord1 sine leverandørar, samarbeidspartnarar og andre oppfordrast også til å varsle om kritikkverdige forhold.

Varsling kan gjerast opent eller anonymt, og både varslinga og varslar sin identitet skal behandlast som ei fortruleg opplysning. Varsling kan skje i linja til næraste leiar, leiar på overordna nivå, eller ved å sende ein e-post til varsling@fjord1.no. Så langt saka tillet det skal varslar giast informasjon om Fjord1 si behandling av varselet og kva utfall saka har fått.