I år vert det norgesferie for mange, og fleire er venta å bruke bubil. Då er det fint å kunne ta med til dømes syklar på ferieturen, men ver klar over at dette aukar den totale lengda på køyretøyet.

Lengda på bubilen din har betydning for kor mykje du må betale viss du skal ta ferje. Syklar bakpå bubilen kan gjere at du havnar i ei anna takstgruppe.

For å unngå overraskingar, oppmodar Statens vegvesen alle bubilførarar til å sjekke lengda på køyretøyet, og spesielt om du skal ha med sykkelstativ og liknande bak. Dette kan vere greit å vite før du legg ut på årets ferietur.

- Vi ønskjer at bubilturistene skal vere klar over at syklar eller liknande bak bubilen, kan avgjere kva takst du må betale for å ta ferje. Så før ferieturen startar, sjekk lengda på bubilen din, oppmodar Anders Sæternes i Statens Vegvesen.

Les pressemeldinga frå Statens Vegvesen her.

Prisane finn ein under kvar enkelt samband på våre nettsider her under "Billettprisar".