Driftsorganisasjonen er delt inn i 3 regionar som vert leia av ein regionleiar. Denne er drifts- og resultatansvarleg for samla portefølje av anbodskontrakter i sin region, og rapporterer til Driftsdirektør. Vi søkjer no regionleiar til region 2 som i dag har ansvar for anbodskontrakter i Møre og Romsdal, og lokalbåtar i Sogn og Fjordane samt leveransar til reiselivsselskapet the Fjords. Oppgåvefordeling mellom regionane vil kunne bli endra.

Regionleiar i region 2 har i dag kontorstad i Florø.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Resultat- og budsjettoppfølging
  • Drift- og sikkerheitsoppfølging
  • Forhandlingar og oppfølging mot oppdragsgjevar
  • Mediekontakt for eiga portefølje
  • Prosjektleiing ved anbodsarbeid
  • Fartøydisponering
  • Oppfølging av underleverandørar

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning, gjerne på masternivå
  • Kunne vise til gode resultat i tidlegare leiarstilling
  • Erfaring frå prosjektleiing vil bli særleg vektlagt
  • Gjerne bakgrunn frå rederiverksemd med fokus på forretning og HMS
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • God kunnskap med IKT som arbeidsverktøy

 

Vi ser etter deg som er:

  • Motivert, engasjert og initiativrik
  • Strukturert og systematisk arbeidsform. God til å organisere
  • Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
  • Evne til å skape gode relasjonar med våre medarbeidarar
  • Trivast i ein hektisk kvardag
  • Oppteken av kvalitet i arbeidsoppgåvene 

 

Vi kan mellom anna tilby:

  • Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
  • Vidt handlingsrom, moglegheit for å vekse og utvikle seg
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Deltaking i Driftsdirektøren si leiargruppe
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning

 

Ved spørsmål kontakt gjerne vår rådgjevar Jan Tveit hos Headvisor, tlf. 975 39 990. Kortfatta søknad med CV sendast snarast og innan 27.04.2018 via www.headvisor.no. Alle spørsmål til Headvisor vert behandla fortruleg inntil anna er avtalt.

ezembed