- Påska er ei påminning om at våren er i anmarsj og vinteren på hell. Mange av oss skulle tilbragt påska i lag med familie og vener, gjerne på hytta eller ved sjøen. Denne påska vert annleis. Ingenting blir akkurat som vi er vant til etter at Koronapandemien tok tak i livet vårt på ein måte som dei fleste av oss truleg ikkje hadde sett føre seg.

Vi i Fjord1 har møtt fleire utfordringar som har fått konsekvensar for den daglege drifta og bemanning, både om bord i våre fartøy, men og i administrasjonen. Utfordringane pregar oss alle, men saman handterer vi det. Vi har ein god beredskap i Fjord1, og våre reisande ferdast trygt på våre norske fjordar til ei kvar tid.

Vi er i ei tid og i ein arbeidssituasjon som ingen av oss har vore i tidlegare, der ukjende problemstillingar og nye spørsmål og tiltak melder seg. Dei siste vekene har eg sett at tilsette tek tak i utfordringane og gjer det beste ut av situasjonen. Vi i leiinga veit at dette ikkje er enkelt, og vi er svært stolte over den jobben som vert gjort av dyktige tilsette. Alle gjer sitt beste, og alle bidreg i denne felles dugnaden. Eg ser og at våre reisande respekterer tiltaka som vi har om bord. Dette er flott!

For denne innsatsen ønskjer eg å seie tusen takk til alle våre tilsette, og tusen takk til alle våre reisande! Dette klarer vi ikkje utan at alle bidreg til ein stødig kurs i same retning!

Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis utviklinga blir i tida som kjem, men føringane som Regjeringa har lagt for det vidare løpet etter påske skal vi alle rette oss etter. Ingenting blir akkurat som vi er vant til denne påska, men eg er sikker på at vi er på riktig veg mot ein gradvis lysare og normalisert kvardag!  

I mellomtida må vi ta vare på kvarandre, og med dette ønskjer eg alle tilsette og reisande i Fjord1 ei riktig god påske!

- Dagfinn Neteland,

Administrerande direktør Fjord1.