Resultatet i Fjord1 for tredje kvartal i 2015 viser eit overskot på 180 millionar kroner. Dette er ei betring i resultat frå drift på 59 millionar kroner. 

- Det blir arbeidd godt i organisasjonen for å sikre god lønsemd i det vi gjer, og vi har ein sterk posisjon som det leiande selskapet i marknaden. Det gode kvartalsresultatet speglar dette, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Trafikkregulariteten har vore god, og det har vore ei positiv utvikling på dei fleste sambanda som Fjord1 trafikkerer i tredje kvartal 2015.

- Konsernet styrar med stødig kurs mot eit mål på vel 200 mill. kr i resultat før skatt i 2015, og det er gode utsikter for Fjord1 dei komande åra, seier Neteland.

Resultat pr 3. kvartal 2015

 

Nøkkeltal Fjord1 konsern

 

 

 

 

Mill. kroner

2015 pr    3. kvartal

2014  pr        3. kvartal *

Omsetnad

1 717

1 801

EBITDA

391

365

Driftsresultat 

238

202

Resultat før skatt

180

148

 

 

 

* Inkludert salsgevinstar  27 mnok.

Les pressemelding her.