Frå nyttår er Eilert Nøttingnes (47) Fjord1 sin nye sikkerheitsdirektør. Han er busett i Bergen, men er opprinnelig frå Kalvåg utanfor Florø. Nøttingnes har utdanning innan leiarskap, nautikk og risikostyring, og jobbar i dag som leiar for helse, miljø og sikkerheit (Head of QHSE) i GC Rieber Shipping AS i Bergen.

Leiarerfaringa strekk seg og tilbake i tid gjennom tidlegare stillingar som HMS-leiar i reiarlaga Wilson og Seatrans. Han har og bakgrunn som offiser i Sjøforsvaret.    

- Eg er ein målretta person som vert motivert av å vere med å utvikle sikkerheitskulturen i selskapet. Som leiar vil eg beskrive meg som tydeleg, engasjert og inkluderande. Fjord1 framstår som eit innovativt selskap med mykje spennande på gong, så det vert kjekt å bli ein del av Fjord1!

Nøttingnes har 14 års erfaring med sikkerheitsstyring innan ulike shippingsegment som offshore-konstruksjonsskip, seismikk, kjemikalietankarar, bulk og ro-ro skip.

Eg har sjølvsagt klare tankar om kva som er viktig å jobbe med for å oppnå ønska sikkerheitskultur. Den første tida i Fjord1 vil eg likevel bruke til å bli kjent med kollegaer, selskap og kultur før eg gjer meg opp ei endeleg meining om korleis ein kan utvikle sikkerheitsarbeidet i Fjord1 vidare.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er svært tilfreds med at Nøttingnes har takka ja til å leie sikkerheitsarbeidet i Fjord1.

- Hans solide sikkerheitserfaring innan maritim verksemd vil kome godt med i jobben som sikkerheitsdirektør i Fjord1, seier Neteland.