Velkommen til eit selskap som er prega av høgt tempo, engasjement, godt humør og arbeidsmiljø! Saman med drivande dyktige tilsette er dette er nøkkelen til at vi leverer i toppklasse, der vi er verdsleiande på drift av elektriske ferjer, hurtigbåt, miljøvennleg teknologi og berekraft. 

Om deg 

Vi ser etter personar med god kunnskap innan dei ulike fagfelta, og vi heiar på deg som har gode idear og gjennomføringsevne. 

Våre tilsette opplever eit miljø der engasjement, samhald og humor står i sentrum. Vi veit at dei beste ideane kjem frå mangfald, så vi ønskjer å rekruttere menneske frå ulike bakgrunnar og med ulike perspektiv.

Vi ser etter deg som er engasjert, samarbeidsvillig og har interesse for å gjere ein forskjell.

Kva tilbyr vi?

Nytt kontorfellesskap 

Kanskje trivst du best i eit pulserande kontorlandskap, eller har behov for heimekontor ein gong i blant? Vi har fleksible ordningar, men ønskjer at kontorpulten din står i Florø i vårt nye kontorfellesskap.

Fagleg utvikling 

Det er både fint og nyttig å lære noko nytt. Difor set vi av tid til fagleg utvikling og kompetanseheving. Dette er eit spesielt fokusområde i Fjord1.

Ferie og fleksitid 

Jobben skal ikkje stå i vegen for fritida eller familielivet. Så lenge du leverer og ditt ansvar er ivareteke, er det fritt fram for å nyte den eine soldagen, ta haustferie i januar eller realisere din indre draum heilt på utsida av jobb.

Trening og utgifter 

For at du skal trivst og prestere i ein travel arbeidskvardag, har vi ordningar som stimulerer til fysisk aktivitet. Som eit bidrag mot den evinnelege dørstokkmila, tilbyr vi våre tilsette å dekke ein del av treningsutgiftene. 

Hytter 

Ta med deg familien eller venner på hyttetur. Fjord1 har fleire hytter og leilegheiter til utleige for våre tilsette. 

Sosialt fellesskap

Kanskje er Trolljegerprøven perfekt for deg (eller kanskje ikkje), men uansett form og farge så er vi ikkje framand for å kaste oss med på ting som skjer, eller at vi samlast i sosialt lag i eigen regi!

Fredagsvaffel/kake på kontoret - noko for deg?

I tillegg tilbyr vi konkurransedyktig lønn, og mykje, mykje meir!  

Les meir om kva Fjord1 tilbyr på denne sida.

  

Sjekk ut stillingane

Serviceteknikere landanlegg (2 stillingar)

Prosjektingeniør Elektro/Automasjon

Senior prosjetktleiar nybygg

Servicesenter medarbeidar

Vi har fleire ledige stillingar på både sjø og land, så ikkje nøl med å sjå heile lista over ledige stillingar her.

Kontakt oss

Vi håpar sjølvsagt at du er vert trigga og sender oss ein søknad, eller tar kontakt for ein liten prat! Kontaktinformasjon finn du i stillingsutlysinga.