Velkommen til eit selskap som er prega av høgt tempo, engasjement og godt humør! Saman med drivande dyktige tilsette er dette er nøkkelen til at vi leverer i toppklasse, der vi er verdsleiande på drift av elektriske ferjer, miljøvennleg teknologi og berekraft.
Om deg
Vi ser etter personar med god kunnskap innan dei ulike fagfelteta, og vi heiar på deg som har gode idear og gjennomføringsevne.
Vi ser etter introvertar og ekstrovertar. Vi heiar på mangfald i alle formar og fasongar, og det viktigaste vi ser etter utover CV, er personlegdom og korleis du passar inn i den respektive avdelinga.
Vi tilbyr
Nytt kontorfellesskap
Kanskje trivst du best i eit pulserande kontorlandskap, eller kanskje jobbar du best på heimekontor? Vi ønskjer at kontorpulten din står i Florø i vårt splitter nye kontorfellesskap, men det er også rom for heimekontor.
Ferie og fleksitid
Jobben skal ikkje stå i vegen for at du skal ha ei god fritid eller få familielivet til å fungere. Så lenge du leverer og ditt ansvar er ivaretatt, er det fritt fram for å nyte den éine soldagen vi har på Vestlandet, ta haustferie i januar eller realisere din indre draum heilt på utsida av jobb.
Fagleg utvikling
Det er både fint og nyttig å lære noko nytt. Difor set vi av tid til fagleg utvikling og kompetanseheving. Dette er eit spesielt fokusområde i Fjord1.
Trening og utgifter
For at du skal trivst i deg sjølv, dyrke kreativiteten og prestere i ein travel arbeidskvardag, har vi ordningar som stimulerar til aktivitet. Som eit bidrag mot den evinnelege dørstokkmila, tilbyr vi våre tilsette å dekke ein del av treningsutgiftene.
Hytter
Ta med deg familien eller venner på hyttetur. Fjord1 har fleire hytter til utleige for våre tilsette.
I tillegg tilbyr vi konkurransedyktig lønn, og mykje-mykje meir! (Les gjerne meir om dette her: Dette tilbyr Fjord1)
Sjekk ut stillingane!
NB! Vi har også andre stillingar utlyst - Sjå alle ledige stillingar i Fjord1 her!
Velkommen
Vi håpar at du er vert trigga av desse spennande moglegheitene og sender oss din søknad eller tar kontakt for ein liten prat! Kontaktinformasjon finn du i stillingsutlysinga.