Onsdag besøkte klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) bedrifter i Florø som alle på kvar sin måte jobbar med gode løysingar for miljø og det grøne skiftet. Fjord1 var eit av fire selskap som fekk besøk av statsråden.

Saman med ei rekke andre lokalpolitikarar fekk Elvestuen ei innføring om status i Fjord1 (kva som skjer i 2019 med tanke på 16 nybygg, ombyggingar, ladesystem/infrastruktur og verksemdsoverdraging), det grøne skiftet (dagens status og neste fase i den maritime næringa), og Fjord1 sine forventningar til myndigheitene, for å nemne noko.

Bilete over: Adm.direktør Dagfinn Neteland saman med Ola Elvestuen (V) og lokalpolitikarar Jacob Nødseth (V), Martin Fossum (V), Hilmar Eliasson (V), Jan Henrik Nygård (V), Edvard Iversen (V), Arlene Vågene (H), Anett Berg (H), Tostein Hage, Svein Olav Senneset (V) og Svein Arne Torvanger (V). 

  

Etter ministeren kom stortingsrepresentanten

Seinare på dagen besøkte også stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik Fjord1. Også han fekk ei innføring om selskapet og kva Fjord1 har gjort knytt til miljø og det grøne skiftet, fortel administrerande direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland.

- Det var to hyggelege møter, og det er svært positivt at det blir lagt merke til kva Fjord1 gjer på dette området, seier Neteland.

 

Bilete over: Dagfinn Neteland saman med høgrepolitikarane Ove Trellevik, Vidar Grønnevik, Ingvar Torsvik Myrvollen og Thomas Ellingsen.