Fjord1 har dei snillaste passasjerane. Det har Ferdamat-nissen merka seg.
Difor har vi fram til jul ei overrasking til dei reisande på ei av ferjene med Ferdamat-tilbod. For å finne ut om det er ferja du reiser med som er den dagleg utvalte ferja, må du ta ein tur i salongen og sjå om ein plakat som minnner om den som er i denne artikkeen er oppslått i kioskområdet.
I så fall får alle som kjøper ein middagsrett om bord gratis riskrem til dessert.
Ha ei fin adventstid som reisande med Fjord1!