Styret innkallar med dette til ordinær generalforsamling 22. mai 2018 kl. 15:00 i Scandic Flesland sine lokaler i Bergen: Lønningsveien 9, 5258 Blomsterdalen.

 

Fjord1 ASA er eit allmennaksjeselskap underlagt allmennaksjeloven sine reglar. Det er på tidspunktet for innkallinga 100 000 000 uteståande aksjar i selskapet. Kvar aksje gje rett til ei røyst i generalforsamlinga. Selskapet eig på tidspunktet for innkallinga ingen eigne aksjar.

Agenda

Sakene på dagsordenen er nærare skildra i dette vedlegget:

 

Påmelding

Aksjeeigarar som ønskjer å delta på generalforsamlinga (anten sjølve eller ved fullmektig), vert bedne om å melde frå om dette ved å sende påmeldingsskjemaet til ane.eliassen@fjord1.no, eller med post til Fjord1 ASA, Strandavegen 15, 6905 Florø, innan 18. mai 2018 kl. 15.00.

Aksjeeigarar som ikkje har høve til å møte på generalforsamlinga sjølve, kan gi fullmakt til styret sin leiar eller til andre om å røyste for deira aksjar ved å fylle ut og sende fullmaktsskjemaet til ane.eliassen@fjord1.no, eller med post til Fjord1 ASA, Strandavegen 15, 6905 Florø, innan 18. mai 2018 kl. 15.00.

Påmelding-og/eller fullmaktskjema her:

 

Dei som ønskjer å få dokumenta tilsendt, kan kontakte Ane Eliassen på e-post ane.eliassen@fjord1.no om det.

 

Øvrig

Ein aksjonær har rett til å få handsama spørsmål på generalforsamlinga, framsetje forslag til vedtak i saker på dagsordenen og til å krevje at styremedlemmar og dagleg leiar på generalforsamlinga gje tilgjenlege  opplysningar om forhold som kan verke inn på vurderinga av (i) om årsregnskap og årsrapport skal godkjennast, (ii) saker som er lagt fram for aksjonærane til avgjersle, og (iii) Selskapet si økonomiske stilling, inkludert drifta i andre selskap som selskapet tek del i, og andre saker som generalforsamlinga skal handsame, med mindre opplysningane som vert kravd ikkje kan verte gjeve utan uproporsjonal skade for Selskapet. Aksjeeigarar har også rett til å setje saker på dagsordenen. Saker må meldast skriftleg til styret innan 24. april 2018 (sju dagar før fristen for innkalling til generalforsamling).

Les om styret si erklæring om fastsetjing av løn og annan godtgjersle til leiande tilsette her:

 

 

Les årsrapport, utgreiing om samfunnsansvar og utgreiing om føretaksstyring på IR-sidene våre her: https://www.fjord1.no/Investor-Relations