Det vert nye takstar for køyretøy. Alle gåande, syklande og passasjerar i køyretøy reiser gratis. Innføringa vart vedteken i Nasjonal transportplan 2014 – 2023.

For takstar for Husavik - Sandvikvåg, Krokeide - Hufthamar, klikk her.

For å få rabatt for køyretøy, må du ha AutoPASS-ferjeavtale og AutoPASS-brikke. Om du allereie har ein AutoPASS-brikke i bilen, kan du nytte denne. For å få full rabatt (50 % for privatpersonar og 40 % for bedrifter), må du teikne ein AutoPASS ferjeavtale i tillegg og knytte denne til brikka. Du kan teikne avtale på www.autopassferje.no. For å få full rabatt, må du i tillegg betale inn eit beløp på førehand.

Har du berre AutoPASS-brikke utan ferjeavtale, får du 10 % rabatt. Merk at du må ha brikka på plass i bilen for å få rabatt!

Gamle ferjekort/ verdikort kan ikkje nyttast på desse ferjesambanda etter 1. april. Har du ikkje brukt opp det gamle ferjekortet/verdikortet ditt før 1. april, kan du få refundert restverdien.

 

Det er framleis mogleg å kjøpe billett manuelt når du køyrer om bord.

 

Har ikkje brikke/brikka fungerer ikkje

Bestill brikka på www.autopass.no

 

Korleis inngå AutoPASS ferjeavtale?

Du kan teikne avtale på www.autopassferje.no. For å få full rabatt, må du i tillegg betale inn eit beløp på førehand. Dette er NOK 3 500 for personbilar, som tidlegare med ferjekort.

 

Har du allereie eit AutoPASS ferjekort?

Då har du også ein AutoPASS-ferjeavtale. Du må knytte AutoPASS-brikka til avtalen din for å få rabatt.

 

Kva skjer med gamle verdikort/ferjekort?

Verdikort kan ikkje nyttast på Krokeide – Hufthamar, Sandvikvåg – Husavik frå 1. april 2019.

Gje kortet til ein billettør om bord, som vil gi deg kvittering med ein pinkode og kortnummer. Gå inn på https://www.fjord1.no/Aktuelt/Refusjon-verdikort, og følg rettleiinga. Restbeløpet vil normalt bli refundert til bankkontoen din innan ei veke.

 

Kva med el-bil?

Om du har el-bil, skal du registrere denne som vanleg bil. Du treng ikkje foreta deg noko meir enn dette. El-biler får i høve til takstregulativet 50 % av ordinær takst, og det vert gitt ytterlegere avtalerabattar på dette. Det vil seie at om vanleg full pris for personbil er kr. 100, vil el-bil ha full pris på kr. 50.

I tillegg får du 50 % rabatt med AutoPASS ferjeavtale (40 % for firmakundar), eller 10 % brikkerabatt dersom du berre har brikke, men ikkje AutoPASS ferjeavtale.