Med sponsormidlane ønskjer Fjord1 å fremje mangfald, trivsel, lojalitet og nødvendige behov innanfor dei områda og distrikta som selskapet opererer i.

-Vi ønskjer å vere ein engasjert samfunnsaktør, spesielt på Vestlandet kor vi har majoriteten av den operasjonelle drifta vår, fortel administerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Fjord1 støttar både lag og foreiningar i deira arbeid, kor idrett og kultur utgjer størsteparten av dei pågåande samarbeida.

 

Desse sponsar vi i dag

Fjord1 har to søknadsfristar årleg (april og oktober), og i vår delte vi ut midlar til følgjande aktørar:

Kultur:

  • Kinnaspelet
  • Sildebordkomitèen
  • Svanøy stifting – konsert 20/7 (Dance with a Stranger)
  • Måløydagane
  • Rabalderfestivalen
  • Malakoff Rockefestival
  • Skavøypoll skulemusikkorps
  • Ørskog musikkorps
  • Kalvåg skulemusikk
  • Hessa og Aspøy skulemusikkorps
  • Krohnengen Brass Band
  • Sæbø skulekorps/generasjonskorps
  • Hatlane skulekorps
  • Eikefjord skulemusikk
  • Atløy kulturhus

 

Idrett:

  • Molde svømme- og livredningsklubb
  • Molde seilforening
  • Kristiansund ballklubb
  • Austevoll seilforening
  • Gossen idrettslag
  • Smøla IL
  • Smøla Tae Kwon Do Klubb
  • Vågsøy Klatreklubb
  • Hårfagrerittet

 

Anna:

  • Redningsselskapet
  • Kjell Kjellen Bigset («Klypa»)

I tillegg har Fjord1 til ei kvar tid langvarige sponsoravtalar, og per i dag er dette samarbeid med mellom anna;

  • Miljøstiftinga ZERO
  • Florø Fotball SK
  • Sogn og Fjordane Skikrins
  • Vartdal Turn og Idrettslag
  • Florø Turn og Idrettsforening

Fjord1 støttar og veldedige føremål, og delar ut julegratiale kvart år. I desember 2018 fekk Kreftforeninga årets julegratiale frå selskapet.

 

Mangfald

Fjord1 ønskjer både korte- og langsiktige samarbeid. Blandinga mellom nye objekt og gamle samarbeidspartnarar viser evne til både spenstige satsingar og lojale band. Fjord1 skal tørre å gå inn som forretningsutviklarar saman med samarbeidspartnar gjennom fleire år, samtidig som ei ikkje skal vere redd for å satse på nye objekt.

Innanfor sponsorsegmentet skal Fjord1 støtte mangfaldet, fortel Dagfinn Neteland.

-Vi er stolte samarbeidspartnarar, og vi ser på det som ei stor glede å få lov til å støtte opp under ei rekke ulike lag, foreiningar og arrangement. Vi er oppteken av at midlane skal kome spesielt barn og unge til gode, for vi har stor tru på at dette gir positive ringverknadar for samfunnet. Vi er ein ansvarleg og engasjert samfunnsaktør, og vi skal vere synleg både på sjø og land, seier Neteland.

 

Neste søknadsfrist for sponsormidlar er 1.oktober, søk her!