Statens vegvesen har tildelt Fjord1 kontrakta for drift av ferjesambandet E39 Halsa-Kanestraum. Kontrakta gjeld drift av tre heilelektriske ferjer og har ei lengd på 10 år, frå 2021 til 2030.

Regionleiar Odd Reidar Ormåsen er svært glad for tildelinga til Fjord1.

- Først og fremst vil eg gratulere alle i Fjord1 med kontraktstildelinga på Halsafjorden. Dette var det "siste store slaget" på E-39 aksen og ein svært viktig seier for Fjord1! Halsa-Kanestraum er eit av dei sambanda som veks raskast i Norge og der ei fornying av både ferjemateriell og landanlegg er svært kjærkome. Vi er veldig glade for at det er vi i Fjord1 som får ta del i dette store kvalitetsløftet. Eg vil nytte anledninga til å takke alle som har bidrege inn i anbodsarbeidet, både frå sjøsida og landsida; utan alle desse bidraga og kompetansen til den enkelte hadde vi truleg ikkje vunnet fram, seier Ormåsen.

I kontaktra er det opna for bruk av midlertidig materiell i inntil 12 månadar, etter dette må kontrakta driftast av tre heilelektriske fartøy. Dei tre hovudfartøya skal ha ein totaltkapasitet på 360 PBE, der ingen av fartøya kan vere mindre enn 110 PBE. Reservefartøyet skal ha ein minimumskapasitet på 80 PBE. Oppdragsgjevar har opsjon på å sette dette fartøyet inn i fast produksjon (D-ferje).

Statens vegvesen har forplikta seg til å bygge om kaianlegget før kontraktsstart, eit arbeid som er planlagt iverksett i løpet av hausten. Kontrakta forutset AutoPASS som billetteringsløysning, og det vil bli innstallert ei galgeløysning på begge sider.

Nytt rutetilbod i anbodet gir auka opningstid i helg, og vil skilje mellom lav- og høgsesong (sommarrute).

Kriteriet for tildelinga av kontrakta er lavaste pris. Kontrakta vil bli inngått når klagefrist går ut, og er sett til 9. august.