Komande helg er ei stor festivalhelg i Nordfjord og Romsdal. I Eid blir rockefestivalen Malakoff arrangert for 14. gang. Moldejazz går også av stabelen i desse dagar, og har sidan 1961 vore ein institusjon på det norske musikkfestivalkartet.

I samband med desse store arrangementa blir det fleire ekstraavgangar med ferjene. Dei er som følgjer:

Molde-Vestnes:

Laurdag 23. juli:
Frå Molde kl. 10.10, 11.40, 13.10, 14.40, 16.10, 17.10, 19.10 og 21.10.
Frå Vestnes kl. 16.55, 18.25, 19.55 og 21.55.

Lote-Anda:

Natt til laurdag 23. juli:
Frå Lote: 02.45

Natt til sundag 24. juli:
Frå Lote: 00.40 og 02,45.

Stårheim-Isane:

Natt til sundag 24. juli:
Frå Stårheim kl. 00.30