Lenge kunne du sove deg fram til Bergen – anten du kom med båt frå Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn, frå Hardanger, Sunnhordland eller Rogaland. Nattruteskipa batt saman Vestlandet frå Stavanger og Sandnes i sør, til Måløy og Stryn i nord.

Denne boka fortel historia om båtane, rutene og ei tid som er forbi. Frå dampskip på 1800-talet til formfullenda motorskip bygde på 1960-talet. Hausten 1991 la det aller siste nattruteskipet til kai i Bergen.

Boka har eigne kapittel om dei tre siste nattruteskipa i landet: «Kommandøren», i åra 1962-1989, «Hardangerfjord» (seinare «Firda»), 1959-1989, og «Nordfjord 1», 1963-1991.

Dette var fartøy som førte både passasjerar, bilar, post og last til og frå byen. Tidlegare mannskap fortel om livet om bord på fjord og kyst, i stille og storm. Vi følger fartøya som ruteskip i Karibia og som cruiseskip på Svalbard og i Adriatarhavet. Boka er rikt illustrert med foto og teikningar.

Bokslepp i Florø og Bergen

Fjord1 er stolt støttespelar til bokprosjektet, og vi er difor glade for at dei ønskjer å legge boksleppet sitt til våre lokale i Florø og Bergen.

Velkommen til Selja Forlag sitt bokslepp i Fjord1 sine lokale i Florø mandag 7.november kl. 14:30- 15:30 (Strandavegen 15). Her vil forlaget og forfattar presentere boka, og etterpå er det mogleg å sikre seg ei signert utgåve. I tillegg stiller forlaget med ein eminent svele-steikar, så her blir det ekte tradisjonsmat til kaffien! 

Det vert og planlagt eit mindre bokslepp i Fjord1 sine lokale i Bergen søndag 20.november (Thormøhlensgate 49a). Ta kontakt på post@fjord1.no om du er interessert i å delta her.