Turistruter

RING TELEFON 177
For generell ruteinformasjon Gjeld ikkje Arsvågen - Mortavika

Flåm - Gudvangen

Flåm – Gudvangen

Svimlande fjelltoppar og djupe fjordar 

Båtturen mellom Flåm og Gudvangen smyg seg mellom stupbratte fjell, mektige fossar og små gardar som klamrar seg til lia.

Undervegs får du sjå Aurland, kommunesenteret med den vakre steinkyrkja frå 1200-talet. Du passerer bygda Undredal, der du finn ei av verdas minste kyrkjer. Langt opp i fjellsida ser vi garden Stigen. Den fekk namnet sitt nettopp av di folk måtte bruke stige for å kome til gards.

Snart er du i Nærøyfjorden – ein sidefjord til Sognefjorden og den smalaste fjorden i verda, berre 250 meter brei på det trongaste. Nærøyfjorden vart i 2005 innlemma på verdsarvlista til Unesco. Du får utsikt til majestetiske Sognefjorden – ein av dei lengste og djupaste fjordane i verda. Fjorden er ramma inn av fjelltoppar på opptil 1800 meter. Tidleg på sommaren buldrar fossane nedover fjellsidene og bryt kvitt når dei møter fjorden.

I Gudvangen kan du gå i land og sjå deg om, før du returnerer med båten eller reiser vidare til Voss, Bergen eller Oslo.

Kjøp billett på turistrutene

Fjord1 og Flåm AS har slått saman den fjordbaserte turist aktiviteten i selskapet The Fjords.

Billettar til Flåm - Gudvangen (til 31. mars) kan du kjøpe ved å nytte linken til høgre på sida.

Billettar for sommar sesongen (frå 1. april, på turistrutene) kan du kjøpe her: Link 

Kart

Rutetabell 2015

smsMotta SMS med trafikkmeldingar

Klikk for å registrere deg

Spørsmål og svar

Ofte stilte spørsmål

Turist-appTurist-app

App Store
Google Play

ny app

ios-og-android

Rabatt med Fjord Pass®

Les meir

Rundturar og tilbod

Les meir

Billettar til Fjord1-turistruter

Kjøp billett

Nyhetsbrev